Skip to content
Church.wiki
Colossians

Colossians 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!Select Colossians 3:1

2Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!Select Colossians 3:2

3For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.Select Colossians 3:3

4Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom.Select Colossians 3:4

5So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!Select Colossians 3:5

6for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;Select Colossians 3:6

7millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting;Select Colossians 3:7

8men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.Select Colossians 3:8

9Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer,Select Colossians 3:9

10og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte;Select Colossians 3:10

11her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle.Select Colossians 3:11

12Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,Select Colossians 3:12

13so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og!Select Colossians 3:13

14Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!Select Colossians 3:14

15Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!Select Colossians 3:15

16Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud.Select Colossians 3:16

17Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom!Select Colossians 3:17

18De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!Select Colossians 3:18

19De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim!Select Colossians 3:19

20De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad.Select Colossians 3:20

21De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet!Select Colossians 3:21

22De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!Select Colossians 3:22

23Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje,Select Colossians 3:23

24då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!Select Colossians 3:24

25Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.Select Colossians 3:25

Next: Colossians 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Colossians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.