Skip to content
Church.wiki
Colossians

Colossians 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1De herrar, gjer imot dykkar tenarar det som rett og rimelegt er, då de veit at de og hev ein Herre i himmelen!Select Colossians 4:1

2Ver trottige i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!Select Colossians 4:2

3Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet til å forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,Select Colossians 4:3

4so eg kann openberra honom so som eg bør tala.Select Colossians 4:4

5Ferdast visleg med deim som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!Select Colossians 4:5

6Dykkar tale vere alltid tekkjeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.Select Colossians 4:6

7Kor det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og true medhjelpar og medtenar i Herren,Select Colossians 4:7

8som eg sender til dykk just for dette, at de skal få vita korleis det er med oss, og han skal trøysta dykkar hjarto,Select Colossians 4:8

9saman med Onesimus, den trune og kjære bror, som er ifrå dykk. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.Select Colossians 4:9

10Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, Barnabas’ systkinbarn, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot honom! -Select Colossians 4:10

11og Jesus som og er kalla Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.Select Colossians 4:11

12Epafras helsar dykk, han som er ifrå dykk, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;Select Colossians 4:12

13for eg gjev honom det vitnemål, at han hev mykje stræv for dykk og deim i Laodikea og deim i Hierapolis.Select Colossians 4:13

14Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, og Demas.Select Colossians 4:14

15Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!Select Colossians 4:15

16Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de fær lesa brevet frå Laodikea!Select Colossians 4:16

17Og seg til Arkippus: «Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!»Select Colossians 4:17

18Helsing med mi, Paulus’, hand: Kom i hug mine lekkjor! Nåden vere med dykk!Select Colossians 4:18

Next: 1 Thessalonians 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Colossians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.