Daniel 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Kong Belsassar gjorde eit stort gjestebod for dei tusund stormennerne sine og heldt drykkjelag med dei tusund.Select Daniel 5:1
2Då dei hadde fenge smak på vinen, baud Belsassar at dei skulde bera fram dei gullkjeraldi og sylvkjeraldi som Nebukadnessar, far hans, hadde teke or templet i Jerusalem; or deim skulde so kongen og stormennerne hans, konorne og fylgjekonorne hans drikka.Select Daniel 5:2
3Dei bar då fram dei gullkjeraldi som var tekne or templet i Guds hus i Jerusalem; og kongen og stormennerne hans, konorne og fylgjekonorne hans, drakk or deim.Select Daniel 5:3
4Dei drakk vin og prisa gudarne sine av gull og sylv, av kopar og jarn og tre og stein.Select Daniel 5:4
5Då synte det seg i same stundi fingrar som av ei mannehand, som skreiv på den kvitkalka veggen i kongshalli, midt imot ljosestaken; og kongen såg handi som skreiv.Select Daniel 5:5
6Då skifte kongen liter, og tankarne skræmde honom, og han veikna i mjødmarne, og knei hans slo imot einannan.Select Daniel 5:6
7Og kongen ropa med høg røyst, og baud at dei skulde henta manarane og kaldæarane og stjernetydarane. Og kongen sagde so til dei vise i Babel: «Kven det er som kann lesa denne skrifti og gjeva meg uttydingi på henne, han skal verta klædd i purpur, ei gullkjeda skal han få um halsen, og verta den tridje mannen i riket.»Select Daniel 5:7
8Då kom alle kongens vismenner til stades, men dei kunde ikkje lesa skrifti eller segja kongen kva ho tydde.Select Daniel 5:8
9Då vart kong Belsassar øgjeleg forfærd, og skifte liter, og stormennerne hans stod forstøkte.Select Daniel 5:9
10Men då talen åt kongen og stormennerne hans kom for øyro åt dronningi, gjekk ho til gildehalli; der tok dronningi til ords og sagde: «Kongen live æveleg! Lat ikkje tankarne skræma deg, og ikkje skal du skifta liter.Select Daniel 5:10
11I riket ditt finst ein mann som anden åt heilage gudar er i. I dagarne åt far din synte det seg at han åtte både upplysning og klokskap og visdom som visdom hjå gudar; og far din, kong Nebukadnessar, sette honom til hovding yver runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane; ja, dette gjorde far din, kongen,Select Daniel 5:11
12etter di det hjå honom var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn, og dugleik til å tyda draumar og gjeta gåter og greida vande flokar, hjå denne Daniel, som kongen hadde gjeve namnet Beltsassar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi».Select Daniel 5:12
13Då so Daniel var henta til kongen, tok kongen til ords og sagde til Daniel: «Du er fulla Daniel, ein av dei jødiske fangarne som far min, kongen, førde hit frå Juda?Select Daniel 5:13
14Eg hev høyrt folk segja um deg at anden åt gudar er i deg, og at det hev synt seg at du eig upplysning og skyn og makelaus visdom.Select Daniel 5:14
15No er det so at dei vise og manararne hev vorte henta hit til meg til å lesa denne skrifti og segja meg uttydingi på henne; men dei kunde ikkje gjeva meg nokor uttyding.Select Daniel 5:15
16Men um deg hev eg høyrt at du kann gjeva uttydingar og greida vande flokar. Kann du no lesa denne skrifti og segja meg uttydingi på henne, so skal du verta klædd i purpur, og få ei gullkjeda um halsen din, og du skal verta tridje mannen i riket.»Select Daniel 5:16
17Då svara Daniel og sagde til kongen: «Gåvorne dine kann du sjølv hava eller gjeva deim til ein annan; deim forutan skal eg lesa skrifti for kongen og segja honom uttydingi:Select Daniel 5:17
18Til Nebukadnessar, far din, konge, gav Gud den høgste kongemagt, stordom, æra og herlegdom;Select Daniel 5:18
19og for den stordomen skuld som han hadde gjeve honom, skalv alle folk og ætter og tungemål for honom og ræddast. Kven han vilde, drap han, og kven han vilde, let han liva; kven han vilde, gjorde han stor, og kven han vilde, gjorde han liten.Select Daniel 5:19
20Men då han ovmoda seg i hjarta sitt, og åndi hans vart stolt og stormodig, vart han støytt ifrå kongsstolen sin, og æra hans vart frå honom teki.Select Daniel 5:20
21Han vart utstøytt frå menneski, og hjarta hans vart som hjarta hjå eit dyr, og han laut bu millom villasen og eta gras som uksarne, og av doggi frå himmelen vart kroppen hans vætt, til dess han sanna at Gud den høgste råder yver mannariket og set yver det kven han vil.Select Daniel 5:21
22Men du, Belsassar, son hans, som hev visst alt dette, hev endå ikkje gjort hjarta ditt audmjukt,Select Daniel 5:22
23men ovmoda deg mot Herren i himmelen og late folk bera fram for deg kjeraldi frå huset hans; og du og stormennerne dine, konorne og fylgjekonorne dine, hev drukke vin or deim, og du hev prisa dine gudar av sylv og gull, av kopar, jarn, tre og stein, som korkje ser eller høyrer eller veit noko. Men den Gud som hev åndi di og alle dine vegar i sitt vald, honom hev du ikkje æra.Select Daniel 5:23
24Difor hev no denne handi vorte send frå honom, og denne skrifti rita.Select Daniel 5:24
25Og so lyder den skrifti som her er rita: Mené, mené, tekél, ufarsin.Select Daniel 5:25
26Og dette er uttydingi på ordi: Mené, det tyder: Gud hev talt dagarne åt riket ditt og gjort ende på det.Select Daniel 5:26
27Tekél, det tyder: du er vegen på ei vegt og funnen for lett.Select Daniel 5:27
28Perés, det tyder: riket ditt er sundbytt og gjeve åt medarar og persarar.»Select Daniel 5:28
29Då baud Belsassar, og dei klædde Daniel i purpur, og hengde ei gullkjeda um halsen hans, og ropa ut um honom at han skulde vera tridje mannen i riket.Select Daniel 5:29
30Same natti vart Belsassar, kaldæarkongen, drepen.Select Daniel 5:30
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain