Skip to content
Church.wiki
Daniel

Daniel 7

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I det fyrste styringsåret åt den babyloniske kongen Belsassar hadde Daniel ein draum og såg ei syn i hovudet på lægjet sitt. Sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudsummen av innhaldet.Select Daniel 7:1

2Daniel tok til ords og sagde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmelvindarne storma fram yver det store havet.Select Daniel 7:2

3Og fire store dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.Select Daniel 7:3

4Det fyrste liktest ei løva, men det hadde vengjer som ein ørn. Medan eg såg på det, vart vengjerne rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneskje, og eit mannehjarta fekk det.Select Daniel 7:4

5So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn, og det lette seg upp på den eine sida, og det hadde tri sidebein i gapet millom tennerne. Og til dyret vart det sagt: «Statt upp, og et mykje kjøt!»Select Daniel 7:5

6Etter det fekk eg sjå eit anna dyr, som liktest ein pantar, men på sidorne hadde det fire fuglevengjer; og dyret hadde fire hovud, og velde vart det gjeve.Select Daniel 7:6

7Etter det fekk eg i syni mi um natti sjå det fjorde dyret, øgjelegt og skræmelegt og uhorveleg sterkt; det hadde store tenner av jarn, det åt og krasa, og leivningarne trakka det sund med føterne: det var ulikt alle hine dyri og hadde ti horn.Select Daniel 7:7

8Medan eg skoda på horni, fekk eg sjå korleis det skaut upp millom deim eit anna horn, eit lite, som skuva undan seg tri av hine horni; og sjå, det hornet hadde augo lik manneaugo, og ein munn som tala store ord.Select Daniel 7:8

9Medan eg heldt på og såg på dette, vart det sett fram stolar, og ein som gamall var, sette seg ned. Klædnaden hans var snøkvit, og håret på hovudet hans som rein ull; stolen hans var av eldslogar, og hjuli under var av brennande eld.Select Daniel 7:9

10Ei elv av eld strøymde ut frå honom; tusund gonger tusund var tenarane hans, og ti tusund gonger ti tusund stod til tenesta for honom. So vart retten sett, og bøker vart opna.Select Daniel 7:10

11Medan eg heldt på og såg på dette, hende det, for dei store ord skuld som hornet tala, at medan eg heldt på og såg på dette, vart dyret drepe, og kroppen åt dyret vart tynt og kasta i elden til å brennast.Select Daniel 7:11

12Veldet åt dei andre dyri vart frå deim teke; for livetidi var fastsett til tid og stund.Select Daniel 7:12

13Sidan fekk eg sjå i nattsynerne korleis ein som liktest ein menneskjeson, kom med himmelskyerne; han gjekk burt til den gamle og vart ført fram for honom.Select Daniel 7:13

14Og han fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena honom. Hans velde er eit ævelegt velde, som ikkje skal verta frå honom teke, og riket hans skal ikkje rikkast.Select Daniel 7:14

15Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synerne i hovudet mitt skræmde meg.Select Daniel 7:15

16Eg gjekk fram til ein av deim som stod der, og bad honom um ei pålitande uttyding på alt dette. Og han svara meg og sagde meg uttydingi på det:Select Daniel 7:16

17«Desse fire store dyri tyder at det skal koma upp fire kongar av jordi.Select Daniel 7:17

18Men sidan skal dei heilage åt den Høgste taka imot riket og hava det i eiga alt til æva, ja, til ævordoms æva.»Select Daniel 7:18

19Etter dette vilde eg hava pålitande uttyding um det fjorde dyret som var ulikt alle hine, det som var so oversleg øgjelegt og hadde tenner av jarn og klør av kopar, det som åt og krasa og sidan trakka under føterne det som det leivde;Select Daniel 7:19

20so og um dei ti horni på hovudet åt det og um det nye hornet, det som sidan skaut upp, og som dei tri andre fall av for, det hornet som hadde augo og ein munn som tala store ord, det som var større å sjå til enn alle hine.Select Daniel 7:20

21Eg hadde set hornet føra krig mot dei heilage og sigra yver deim,Select Daniel 7:21

22til dess han kom, han som gamall var, og retten vart gjeven til dei heilage åt den Høgste, og tidi var komi då dei heilage fekk riket i eiga.Select Daniel 7:22

23Då svara han og sagde: «Det fjorde dyret tyder at eit fjorde rike skal koma upp på jordi og vera ulikt alle hine riki. Det skal gløypa heile jordi og trakka henne sund og krasa henne.Select Daniel 7:23

24Og dei ti horni tyder at det skal koma upp ti kongar i det riket; og etter deim skal det koma upp ein annan, som skal vera dei fyrre ulik, og som skal slå ned tri kongar.Select Daniel 7:24

25Og han skal tala ord mot den Høgste, og dei heilage åt den Høgste skal han øyda; han skal setja seg fyre å skifta um tider og lov; og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid.Select Daniel 7:25

26Men so vert retten sett, og veldet hans skal verta frå honom teke, spillt og avøydt alt til endes.Select Daniel 7:26

27Men herredøme og veldet og stordom yver alle rike under himmelen skal verta gjeve til lyden av dei heilage åt den Høgste. Hans rike skal vera eit ævelegt rike, og alle herrevelde skal tena og lyda det.»Select Daniel 7:27

28Her sluttar fråsegni. Men eg, Daniel, vart full av mange urolege tankar, og eg skifte liter i andlitet; men eg gøymde i hjarta mitt det som hadde hendt.Select Daniel 7:28

Next: Daniel 8Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Daniel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.