Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 18

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ingen av Levi-prestarne, ingen av deim som høyrer til Levi-ætti, skal få nokon arvlut liksom dei andre Israels-sønerne. Dei skal liva av Herrens offerrettar og alt anna som høyrer honom til,Select Deuteronomy 18:1

2og ikkje få nokon arv tilliks med brørne sine; Herren skal vera arven deira, soleis som han hev sagt deim.Select Deuteronomy 18:2

3Høyr no kva prestarne hev rett til å krevja av folket: Dei som ofrar slagtoffer, anten det er ukse eller sau, skal gjeva presten den eine bogen og båe kjakarne og vinstri.Select Deuteronomy 18:3

4Det fyrste av kornet du avlar og av vinen og oljen, og den fyrste ulli av sauerne skal du gjeva honom.Select Deuteronomy 18:4

5For honom og sønerne hans hev Herren, din Gud, valt seg ut millom alle ætterne dine, so dei skal standa framfor Herren og gjera tenesta i hans namn alle dagar.Select Deuteronomy 18:5

6Når ein levit som held til i nokon av byarne i Israel, kjem til den staden som Herren hev valt seg ut, so skal han vera velkomen:Select Deuteronomy 18:6

7Han kann gjera tenesta i Herrens namn, liksom dei andre levitarne, brørne hans, som stend der framfor Herrens åsyn,Select Deuteronomy 18:7

8og han skal få sin lut av offergåvorne tilliks med deim, umfram dei pengarne han fær når han sel det han hev rett til etter federne sine.Select Deuteronomy 18:8

9Når du kjem til det landet som Herren, din Gud, gjev deg, so skal du ikkje taka etter dei folki som bur der, og fara med slik styggedom som dei fer med.Select Deuteronomy 18:9

10Hjå deg må ingen finnast som vigjer barnet sitt i elden, ingen spåmann eller viskall, ingen som fer med å leggja ut teikn, ingen trollmannSelect Deuteronomy 18:10

11eller åndemanar, ingen som spør daudingar og hamar, eller søkjer råd hjå dei avlidne.Select Deuteronomy 18:11

12For dei som gjer sovore, er avstyggjelege i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv deim ut for dykk.Select Deuteronomy 18:12

13Trufast og ærleg skal du vera mot Herren, din Gud.Select Deuteronomy 18:13

14For desse folki som du skal driva ut, dei lyder etter runekallar og spåmenner, men deg hev Herren, din Gud, forbode alt slikt.Select Deuteronomy 18:14

15Ein profet som eg, av ditt eige folk, skal Herren reisa upp millom dykk; honom skal de lyda.Select Deuteronomy 18:15

16Herren skal gjera det som du bad honom um attmed Horeb, samkomedagen, då du sagde: «Eg torer ikkje høyra på Herrens røyst lenger, og denne store elden toler eg ikkje å sjå på meir; for då lyt eg døy.»Select Deuteronomy 18:16

17Då sagde Herren til meg: «Det er rett det dei segjer.Select Deuteronomy 18:17

18Ein profet vil eg reisa upp for deim av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til deim alt det eg segjer honom fyre.Select Deuteronomy 18:18

19Og den som ikkje høyrer på ordi mine, deim som han talar i mitt namn, han skal få svara for det.Select Deuteronomy 18:19

20Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn, og eg ikkje hev sett honom til det, eller talar han i namnet åt andre gudar, so skal han døy.»Select Deuteronomy 18:20

21Og um du tenkjer med deg: «Korleis kann me vita um eit ord kjem frå Herren eller ikkje?»Select Deuteronomy 18:21

22so høyr her: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han hev sagt ikkje hender og ikkje gjeng fram, so hev det ordet ikkje kome frå Herren; då er det noko profeten hev våga seg til å tala på eigi hand, og du tarv ikkje vera rædd honom.Select Deuteronomy 18:22

Next: Deuteronomy 19Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.