Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 19

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Når Herren, din Gud, hev rudt ut alle folk i det landet han gjev deg, og du hev eigna det til deg, og bur i byarne og husi deira,Select Deuteronomy 19:1

2so skal du skifta heile det riket Herren, din Gud, hev gjeve deg, i tri luter, og so skal du skilja ut tri byar i landet,Select Deuteronomy 19:2

3og halda vegen dit godt i stand, so dei fredlause kann få røma dit.Select Deuteronomy 19:3

4Det er den som uviljande hev drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr, som skal få røma dit, og då vera trygg for livet sitt -Select Deuteronomy 19:4

5som når ein gjeng med grannen sin ut i skogen og skal hogga timber, og han svingar øksi og vil fella eit tre, men øksi fer av skaftet og råkar grannen so han døyr, då kann han røma til ein av desse byarne og vera trygg for livet.Select Deuteronomy 19:5

6For blodhemnaren kunde i sin heite harm setja etter dråpsmannen, og var vegen lang, kunde han nå honom att og slå honom i hel, endå han ikkje var skuldig til å døy, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap.Select Deuteronomy 19:6

7Difor er det eg segjer med deg at du skal skilja ut tri byar.Select Deuteronomy 19:7

8Og når Herren, din Gud, aukar riket ditt, som han lova federne dine, og gjev deg heile det landet han tala um å gjeva deim -Select Deuteronomy 19:8

9so framt du då agtar vel på alle desse bodi og liver etter deim, soleis som eg segjer med deg i dag, so du elskar Herren, din Gud, og alle dagar gjeng på hans vegar - då skal du leggja endå tri byar attåt desse tri;Select Deuteronomy 19:9

10for det må ikkje renna uskuldigt blod i det landet Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, so du fær blodskuld yver deg.Select Deuteronomy 19:10

11Men når ein hev lagt hat til grannen sin, og lurer seg innpå honom, og slær honom til ulivs, og so rømer til ein av desse byarne,Select Deuteronomy 19:11

12då skal styresmennerne i heimbygdi hans senda folk, og henta honom heim att, og gjeva honom i henderne på blodhemnaren, og han skal lata livet.Select Deuteronomy 19:12

13Du skal ikkje spara honom, men reinsa Israel for blodskuldi, so sant du vil det skal ganga deg vel.Select Deuteronomy 19:13

14Du skal ikkje flytja merkesteinarne millom deg og grannen din, deim som dei gamle hev sett kring garden du fær til odel og eiga i det landet Herren, din Gud, vil gjeva dykk.Select Deuteronomy 19:14

15Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann som er skulda for eit brot eller ei misgjerning, kva det so er for ei misgjerning han kann hava gjort. Tvo eller tri manns vitnemål skal det til fyrr det kann dømast i ei sak.Select Deuteronomy 19:15

16Når det kjem fram eit vondkynt vitne og skuldar ein mann for lovbrot,Select Deuteronomy 19:16

17so skal båe tvo møtast for Herrens åsyn, for dei prestarne og domarane som då er;Select Deuteronomy 19:17

18og domarane skal granska saki vel. Syner det seg då at vitnet er ein ljugar og hev vitna rangt mot den andre,Select Deuteronomy 19:18

19so skal de gjera det same med honom som han hadde tenkt å gjera med hin. Soleis skal de rydja ut det vonde ut or lyden.Select Deuteronomy 19:19

20Og dei andre skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning millom dykk.Select Deuteronomy 19:20

21Du skal ingen spara, men krevja liv for liv, auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot.Select Deuteronomy 19:21

Next: Deuteronomy 20Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.