Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 2

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1So vende me oss åt øydemarki, og tok vegen til Raudehavet, som Herren hadde sagt med meg, og me for lenge og sveiv kringum Se’irfjelli.Select Deuteronomy 2:1

2Då sagde Herren til meg:Select Deuteronomy 2:2

3«Lenge nok hev de reika ikring desse fjelli; tak no leidi mot nord!Select Deuteronomy 2:3

4Og til folket skal du segja so: «No kjem de til å fara gjenom riket åt brørne dykkar, Esaus-sønerne, dom bur i Se’ir, og dei vert rædde dykk; men agta dykk velSelect Deuteronomy 2:4

5at de ikkje yppar ufred med deim; eg kann ’kje lata dykk få so mykje som ei fotbreidd av landet deira; for Se’irfjelli hev eg gjeve Esau til eigedom.Select Deuteronomy 2:5

6Den maten de treng, lyt de kjøpa av deim, og vatnet de drikk, lyt de og gjeva pengar for.Select Deuteronomy 2:6

7For Herren, din Gud, hev velsigna deg i alt du hev teke deg fyre; han hev bore umsut for deg på ferdi gjenom denne store øydemarki; i alle desse fyrti åri hev Herren, din Gud, vore med deg, og du hev ingen ting vanta.»»Select Deuteronomy 2:7

8So for me lenger frametter, burt ifrå brorfolket vårt, Esaus-sønerne, som bur i Se’ir; me tok utav den vegen som gjeng frå Eilat og Esjon-Geber gjenom Moarne, og heldt fram etter ein annan veg, som bar til Moabheidi.Select Deuteronomy 2:8

9Og Herren sagde til meg: «Du skal ikkje trengja deg inn på moabitarne, og ikkje yppa ufred med deim; eg kann ikkje lata deg få noko av landet deira; for Ar hev eg gjeve Lots-sønerne til eigedom.»Select Deuteronomy 2:9

10Der budde i gamle dagar emitarne, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakitarne,Select Deuteronomy 2:10

11og vart, liksom dei, rekna til kjempefolki, men moabitarne kallar deim emitar.Select Deuteronomy 2:11

12På Se’ir budde fyrr i tidi horitarne; men Esaus-sønerne dreiv deim burt, og øydde deim ut, og sette seg ned i staden deira, liksom Israels-folket gjorde i sitt land, det som Herren gav deim til eigedom.Select Deuteronomy 2:12

13«Gjer dykk no reiduge,» sagde Herren, «og gakk yver Zeredåi!» So gjekk me yver Zeredåi.Select Deuteronomy 2:13

14Då var det åtte og tretti år sidan me tok ut frå Kades-Barnea, og heile den ætti, alle våpnføre menner i lægret, var burtdøydde, som Herren hadde sagt med deim.Select Deuteronomy 2:14

15Herrens hand hadde råma deim, og rive deim burt or lægret, so dei alle var farne.Select Deuteronomy 2:15

16Då alle desse stridsmennerne i folket var daude og burte,Select Deuteronomy 2:16

17då tala Herren til meg og sagde:Select Deuteronomy 2:17

18«No kjem du til å fara gjenom Moabriket, gjenom Ar,Select Deuteronomy 2:18

19og so ligg vegen din frammed Ammons-sønerne; men du skal ikkje trengja deg inn på deim, og ikkje yppa ufred med dei; eg kann ikkje lata deg få noko av Ammonitarlandet; for det hev eg gjeve burt til Lots-sønerne.»Select Deuteronomy 2:19

20Det landet vert og rekna til kjempelandi; fyrr i verdi budde det kjempor der, og ammonitarne kalla deim zamzummitar.Select Deuteronomy 2:20

21Dei var eit stort og mannsterkt folk, og høgvaksne som anakitarne; men Herren rudde deim ut for Ammons-sønerne, so dei fekk landet og busette seg der.Select Deuteronomy 2:21

22Det same gjorde han for Esaus-sønerne, som bur på Se’ir; han rudde ut horitarne, so Esaus-sønerne fekk landet, og sidan hev dei butt der til denne dag.Select Deuteronomy 2:22

23Like eins gjekk det med avitarne, som sat på gardarne alt burt til Gaza; kaftorarane kom frå Kaftor, og øydde deim ut, og tok romet deira.Select Deuteronomy 2:23

24«Gjer dykk reiduge,» sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnonåi! Eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med honom!Select Deuteronomy 2:24

25Etter denne dag skal det standa otte og rædsla av deg yver heile verdi; alle som høyrer gjete deg, skal bivra og skjelva.»Select Deuteronomy 2:25

26Frå Kedemotheidi sende eg menner til Sihon, kongen i Hesbon, med fredleg helsing, og sagde:Select Deuteronomy 2:26

27«Lat meg få fara gjenom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen, og ikkje taka utav honom, korkje til høgre eller vinstre.Select Deuteronomy 2:27

28Det eg lyt hava til mat, skal eg kjøpa av deg, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg og leggja pengar for. Eg vil berre få fara igjenom på min fot,Select Deuteronomy 2:28

29liksom Esaus-sønerne på Se’ir og moabitarne i Ar gav meg lov til, so eg kann koma yver Jordan til det landet Herren, vår Gud, vil gjeva oss.»Select Deuteronomy 2:29

30Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde ikkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren, din Gud, hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva honom i dine hender, som han longe hev gjort.Select Deuteronomy 2:30

31Og Herren sagde til meg: «No gjev eg deg magt yver Sihon og landet hans; tak no du til med å slå det under deg, so det vert ditt!»Select Deuteronomy 2:31

32So for Sihon imot oss, til Jahas, med alt herfolket sitt, og tok på oss.Select Deuteronomy 2:32

33Men Herren, vår Gud, gav honom i vårt vald, og me hogg honom ned, både han og sønerne og alt stridsfolket hans.Select Deuteronomy 2:33

34Den gongen tok me og alle byarne hans; me bannstøytte kvar byen, og drap både menner og kvinnor og born; me let ingen vera att eller sleppa undan.Select Deuteronomy 2:34

35Men bufeet eigna me til oss, og herfanget i byarne som me tok.Select Deuteronomy 2:35

36Frå Aroer, som ligg inn med Arnon, og frå byen i dalen til Gilead fanst det ikkje ei borg som var oss for sterk; Herren lagde deim alle opne for oss.Select Deuteronomy 2:36

37Men landet åt Ammons-sønerne let du vera i fred, både det som ligg frammed Jabbokåi og fjellbygderne, alt det som Herren, vår Gud, hadde meinka oss å koma inn i.Select Deuteronomy 2:37

Next: Deuteronomy 3Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.