Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 27

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Moses og styresmennerne i Israel tala til folket og sagde: «Legg dykk på minne alle dei bodi eg lærer dykk i dag;Select Deuteronomy 27:1

2og når du hev gjenge yver Jordan, inn i det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg, då skal du reisa upp nokre store steinar og kalka deim;Select Deuteronomy 27:2

3på deim skal du, når du er komen yver, skriva alle bodi i denne lovi, so sant du då vil inn i det landet Herren, din Gud, gjev deg, det landet som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt deg.Select Deuteronomy 27:3

4På Ebalfjellet skal du reisa upp desse steinarne, som eg talar til deg um no, og kvita deim med kalk, og det skal de gjera med same de hev kome yver Jordan.Select Deuteronomy 27:4

5Og du skal byggja eit altar der åt Herren, din Gud, eit steinaltar; men du må ikkje bruka bitjarn på steinarne;Select Deuteronomy 27:5

6av heile steinar skal du byggja altaret, og du skal ofra eit brennoffer på det til Herren, din Gud.Select Deuteronomy 27:6

7Og takkoffer skal du ofra, og halda eit høgtidsmål der, og gleda deg for augo åt Herren, din Gud.Select Deuteronomy 27:7

8Og so skal du skriva alle bodi i denne lovi på steinarne, klårt og greidt.»Select Deuteronomy 27:8

9Og Moses og Levi-prestarne tala til heile Israel, og sagde: «Gjev gaum og høyr Israel! På denne dag hev du vorte folket åt Herren, din Gud.Select Deuteronomy 27:9

10So ver då lydug mot Herren, din Gud, og haldt bodi og loverne hans som eg lærer deg i dag!»Select Deuteronomy 27:10

11Og same dagen sagde Moses til folket:Select Deuteronomy 27:11

12«Når de er komne yver Jordan, då skal Simeon og Levi og Juda og Issakar og Josef og Benjamin stiga upp på Gerizimfjellet, og lysa velsigning yver folket.Select Deuteronomy 27:12

13Og Ruben, Gad og Asser og Sebulon, Dan og Naftali skal sdtiga upp på Ebalfjellet, og lysa våbøn.Select Deuteronomy 27:13

14Og levitarne skal taka til ords og segja so høgt at kvar mann i Israel høyrer det:Select Deuteronomy 27:14

15«Forbanna vere den som hev ein kunstmann til å gjera seg eit gudebilæte, støypt eller utskore, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom for Herren!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:15

16«Forbanna vere den som vanvyrder foreldri sine!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:16

17«Forbanna vere den som flyt merkesteinarne millom seg og grannen!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:17

18«Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:18

19«Forbanna vere den som rengjer retten for ein framand eller ein farlaus eller ei enkja!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:19

20«Forbanna vere den, som ligg hjå stykmor si! Han sulkar lega åt far sin!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:20

21«Forbanna vere den som blandar seg med fe!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:21

22«Forbanna vere den som ligg hjå syster si, anten det er heilsyster eller halvsyster!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:22

23«Forbanna vere den som ligg hjå vermor si!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:23

24«Forbanna vere den som slær nokon i hel i løynd!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:24

25«Forbanna vere den som tek mutor, og valdar at ein uskuldig let livet!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:25

26«Forbanna vere den som ikkje held alle bodi i denne lovi, og ikkje liver etter deim!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»Select Deuteronomy 27:26

Next: Deuteronomy 28Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.