Deuteronomy 29
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Dette er ordi i den pakti som Herren let Moses gjera med Israels-sønerne i Moablandet, umfram den pakti han hadde gjort med deim ved Horeb.Select Deuteronomy 29:1
2Moses kalla i hop heile Israel, og sagde til deim: «De såg det for augo dykkar alt det som Herren gjorde i Egyptarland med Farao og alle mennerne og heile landet hans,Select Deuteronomy 29:2
3med eigne augo såg de dei svære plågorne, dei store teikni og underi.Select Deuteronomy 29:3
4Men endå hev Herren ikkje fenge gjeva dykk vit til å skyna eller augo til å sjå eller øyro til å høyra med.Select Deuteronomy 29:4
5«Eg førde dykk fyrti år i øydemarki,» segjer Herren; «klædi dykkar vart ikkje utslitne, og skoen sleitst ikkje undan foten din.Select Deuteronomy 29:5
6Ikkje hadde de brød å eta, og ikkje vin eller anna sterkt å drikka; for eg vilde de skulde sjå at eg, Herren, er dykkar Gud.»Select Deuteronomy 29:6
7So kom de hit til dette landet, og Sihon, kongen i Hesbon, og Og, kongen i Basan, kom imot dykk og baud ufred, men me slo deim,Select Deuteronomy 29:7
8og tok landet deira, og let rubenitarne og gaditarne og den halve Manasse-ætti få det til odel og eiga.Select Deuteronomy 29:8
9So kom då i hug å halda dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer visleg åt i alt det de gjer!Select Deuteronomy 29:9
10Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingarne dykkar, ætterne, styresmennerne og formennerne, kvar mann i Israel,Select Deuteronomy 29:10
11borni og konorne dykkar, og dei framande i lægret, både vedhoggaren og vatsberaren,Select Deuteronomy 29:11
12og skal ganga inn i sambandet med Herren, dykkar Gud, og den pakti han gjer med dykk i dag;Select Deuteronomy 29:12
13for i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, soleis som han hev sagt deg, og soleis som han hev lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob.Select Deuteronomy 29:13
14Og ikkje berre med dykk gjer han dette sambandet og denne pakti,Select Deuteronomy 29:14
15men både med deim som i dag stend her med oss for Herrens åsyn, og med deim som ikkje er her hjå oss i dag.Select Deuteronomy 29:15
16For de minnest vel at me budde i Egyptarlandet, og at me for fram millom alle dei folki de veit.Select Deuteronomy 29:16
17Og de såg dei ufysne styggetingi av stokk og stein, av sylv og gull, som dei hadde til gudar.Select Deuteronomy 29:17
18Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinna, ætt eller ættgrein som i dag vender hjarta sitt burt frå Herren, vår Gud, og gjeng av og tener gudarne åt desse folki! Lat det ’kje finnast nokon som er rot til trollber og malurt,Select Deuteronomy 29:18
19og som tenkjer med seg, når han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til å føra ulukka yver bygd og by.Select Deuteronomy 29:19
20Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.Select Deuteronomy 29:20
21Herren skal skilja deim ut frå alle Israels ætter, og det skal ganga deim so ille som spått er i alle våbønerne i den pakti som er skrivi i denne lovboki.Select Deuteronomy 29:21
22Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,Select Deuteronomy 29:22
23ser heile marki strådd med svåvel og salt, og uppbrend so ho ikkje kann såast og ingen ting gjeva av seg, og det ikkje kann veksa gras på henne - som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim vart lagde i øyde, dei byarne som Herren gjorde ende på i sin vreide og harm -Select Deuteronomy 29:23
24då kjem dei til å spyrja, alle kjem til å spyrja: «Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreideselden?»Select Deuteronomy 29:24
25Og dei fær til svar: «Det var av di dei braut pakti som Herren, fedreguden deira, gjorde med deim då han henta deim ut or Egyptarlandet,Select Deuteronomy 29:25
26og av di dei gjekk av og tente andre gudar, og bad til deim, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve deim lov til å dyrka.Select Deuteronomy 29:26
27Difor loga Herrens vreide upp imot dette landet, so han let alle dei våbøner koma yver det som er skrivne i denne boki.Select Deuteronomy 29:27
28Han rykte deim upp or landet deira i harm og vreide og græe, og slengde deim burt til eit anna land, og der hev dei lote vera til denne dag.»Select Deuteronomy 29:28
29Det dulde høyrer Herren, vår Gud, til, men det som er openberra, gjeld for oss og borni våre i all æva; di skal me halda alle bodi i denne lovi.Select Deuteronomy 29:29
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain