Skip to content
Church.wiki
Deuteronomy

Deuteronomy 33

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.Select Deuteronomy 33:1

2Han kvad: «Herren frå Sinai kom, steig upp for oss ifrå Se’ir, skein ifrå Parans heid, gjekk fram or dei heilage herar, og strålar frå handi hans strøymde.Select Deuteronomy 33:2

3Ja, han elskar ætterne høgt, og vel sine heilage vardar; dei flokkar seg kring hans fot, dei lyder trutt på hans tale.Select Deuteronomy 33:3

4Moses lærd’ oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob;Select Deuteronomy 33:4

5og Jesjurun kåra ein konung, då hovdingarn’ slo seg i hop, og Israels-ætterne eintest.Select Deuteronomy 33:5

6«Lat Ruben liva og aldri døy ut, um mennern’ hans ikkje er mange!»Select Deuteronomy 33:6

7Og um Juda kvad han dette: «Høyr, Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk, som han strider veldeleg fyre; ver imot valdsmenn hans hjelp!»Select Deuteronomy 33:7

8Og um Levi kvad han: «Ditt «ljos» og «di sanning» gjev lyden åt den som hev vore deg lydug, han som du røynde i Massa, og rengdest med ved Meriba!Select Deuteronomy 33:8

9Dei segjer um far sin og mor si: «Eg hev ikkje sett desse folki;» dei bryr seg ikkje um brødern’ og kjendest ikkje ved borni, men agtar på ordi dine, og gøymer di pakt i sitt hjarta.Select Deuteronomy 33:9

10Dei lærer Jakob di lov og Israels lyd dine bod, dei legg røykjelse for ditt andlit, og offerfe på ditt altar.Select Deuteronomy 33:10

11Velsigna, herre, hans velde, hav hugnad i alt hans verk! Brjot ryggen på deim som renn på han, so dei aldri vinn reisa seg meir!»Select Deuteronomy 33:11

12Um Benjamin kvad han: Hjartebarnet åt Herren hev seg so trygg ei heim han kviler imillom hans herdar; stødt held Gud si hand yver han.»Select Deuteronomy 33:12

13Og um Josef kvad han: «Med doggi, dyre himmelgåva, velsignar Herren landet hans, med vatn utor det store djupet, som gøymt innunder jordi ligg.Select Deuteronomy 33:13

14Med alt det beste soli el, med frukti månarne driv fram.Select Deuteronomy 33:14

15Alt godt ifrå dei gamle fjelli, alt hævt frå ævelege haug,Select Deuteronomy 33:15

16alt gjævt og gildt som fyller jordi, hans blida som i klungeren bur, det kome yver Josefs hovud, det kryne kvervelen åt han, som konung er bland sine brøder!Select Deuteronomy 33:16

17Ovgild er hans frumborne ukse! hans horn er som uruksehorn; med deim stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efraims store herar, det er Manasses sterke hop.»Select Deuteronomy 33:17

18Og um Sebulon kvad han: «Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du Issakar, i ditt tjeld!Select Deuteronomy 33:18

19Til fjellet bed dei folki koma - rettuge forner ber dei fram; for utor sjøen syg dei rikdom og skattar gøymd’ i havsens sand.Select Deuteronomy 33:19

20Og um Gad kvad han: «Lova vere han som gav Gad romt land! Der ligg han og lurer som løva og riv sund herdar og hovud.Select Deuteronomy 33:20

21Han såg seg ut fyrste luten, etla åt den som var førar, so for han fram fyre folket, og saman med Israels-sønern’ gjord’ han alt det Herren sa fyre, alt det som var rett i Guds augo.»Select Deuteronomy 33:21

22Og um Dan kvad han: «Dan er ein løveunge lik som ifrå Basan byksar fram.»Select Deuteronomy 33:22

23Og um Naftali kvad han: «Naftali, metta med nåde og nørd med Herrens velsigning, søk landet ditt sud med sjøen!»Select Deuteronomy 33:23

24Og um Asser kvad han: «Sælaste sonen vert Asser, bestebarn bland sine brøder; i olje fær han duppa foten.Select Deuteronomy 33:24

25Av kopar og jarn er ditt lås, og di kvild so lang som ditt liv!»Select Deuteronomy 33:25

26Det finst ingen som Gud, Jesjurun! Han fer deg til hjelp yver himmelen og ek i si allmagt på skyerne.Select Deuteronomy 33:26

27Ei borg er den eld’-gamle Gud; hit ned når hans evige arm. Dine uvener driv han burt, og segjer åt deg: «Øyd ut!»Select Deuteronomy 33:27

28So bur då Israel trygt, og Jakobs-ætti åleine, i eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel!Select Deuteronomy 33:28

29Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, din verjande skjold og ditt velduge sverd! Sjå, fiendarne smeikjer for deg, med du yver høgderne deira skrid fram!»Select Deuteronomy 33:29

Next: Deuteronomy 34Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Deuteronomy

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.