Deuteronomy 34
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So gjekk Moses frå Moabmoarne upp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisgafjellet, og ligg midt for Jeriko, og Herren synte honom heile landet: Gilead alt til Dan,Select Deuteronomy 34:1
2og heile Naftali og Efraims- og Manasselandet, og heile Judalandet radt til Vesterhavet,Select Deuteronomy 34:2
3og Sudlandet og Jordan-kverven, dalen kring Jeriko, som dei kallar Palmebyen, alt til Soar;Select Deuteronomy 34:3
4Og Herren sagde til honom: «Dette er det landet eg lova Abraham og Isak og Jakob at eg vilde gjeva ætti deira. No hev du set det for augo dine, men sjølv skal ikkje få koma dit.»Select Deuteronomy 34:4
5So døydde Moses, Herrens tenar, der i Moablandet, som Herren hadde sagt.Select Deuteronomy 34:5
6Han jorda honom i dalen midt for Bet-Peor, i Moablandet, og ingen hev til denne dag visst um gravi hans.Select Deuteronomy 34:6
7Moses var hundrad og tjuge år gamall då han døydde; men endå hadde han ikkje dimst på syni eller veikna i åndi.Select Deuteronomy 34:7
8Israels-sønerne gret yver honom på Moabmoarne i tretti dagar; då fyrst var det ende på syrgjehøgtidi.Select Deuteronomy 34:8
9Moses hadde lagt henderne på Josva, son åt Nun, so han og var full av visdomsånd, og Israels-sønerne lydde honom, og gjorde som Herren hadde sagt med Moses.Select Deuteronomy 34:9
10Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlit til andlit.Select Deuteronomy 34:10
11Kom i hug alle dei teikn og under Herren sette honom til å gjera i Egyptarland med Farao og alle mennarne og heile landet hans,Select Deuteronomy 34:11
12og kom i hug alle dei store verk og agelege gjerningar han gjorde for augo åt heile Israel!Select Deuteronomy 34:12
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain