Deuteronomy 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Moses kalla i hop heile Israel og sagde til deim: «Høyr, Israel, dei loverne og bodi som eg lyser for dykk i dag, og lær deim, og ber deim i hugen, so de liver etter deim!Select Deuteronomy 5:1
2Herren, vår Gud, gjorde ei pakt med oss på Horeb.Select Deuteronomy 5:2
3Ikkje med federne våre gjorde han den pakti, men med oss, alle me her som liver i dag.Select Deuteronomy 5:3
4Åsyn mot åsyn tala Herren med dykk på fjellet midt utor elden.Select Deuteronomy 5:4
5Eg stod millom Herren og dykk den gongen, og bar ordi hans fram for dykk; for de var rædde elden, og våga dykk ikkje upp på fjellet. Han sagde:Select Deuteronomy 5:5
6«Eg er Herren, din Gud, som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.Select Deuteronomy 5:6
7Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!Select Deuteronomy 5:7
8Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, nokor likning av det som er uppi himmelen eller det som er nedpå jordi eller det som er i vatnet nedanfor landjordi!Select Deuteronomy 5:8
9Du skal ikkje bøygja kne for deim, og ikkje beda til deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni av deim som hatar meg,Select Deuteronomy 5:9
10men imot deim som elskar meg og held bodi mine, gjer eg vel i tusund ættleder.Select Deuteronomy 5:10
11Namnet åt Herren, din Gud, skal du ikkje taka vyrdlaust på tunga! For Herren held ikkje den uskuldig som nemnar namnet hans vyrdlaust.Select Deuteronomy 5:11
12Du skal koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, soleis som Herren, din Gud, hev sagt med deg!Select Deuteronomy 5:12
13Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.Select Deuteronomy 5:13
14Men den sjuande dagen skal vera kviledag og vigd åt Herren, din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, eller drengen din eller tenestgjenta, eller uksen eller asnet eller noko anna av dyri dine, eller den framande som held til innan portarne dine! For tenarane dine lyt kvila dei som du.Select Deuteronomy 5:14
15Kom i hug at du sjølv var tenar i Egyptarlandet, og Herren, din Gud, henta deg ut derifrå med sterk hand og strak arm; difor hev han sagt deg at du skal halda kviledagen heilag.Select Deuteronomy 5:15
16Du skal æra far din og mor di, som Herren, din Gud, hev sagt med deg; då skal du få liva lenge og vel i det landet som Herren, din Gud, gjev deg.Select Deuteronomy 5:16
17Du skal ikkje drepa!Select Deuteronomy 5:17
18Og du skal ikkje gjera hor!Select Deuteronomy 5:18
19Og du skal ikkje stela!Select Deuteronomy 5:19
20Og du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!Select Deuteronomy 5:20
21Og du skal ikkje trå etter kona åt grannen din! Og du skal ikkje trå etter huset åt grannen din, eller garden hans, eller drengen eller tenestgjenta hans, eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer grannen din til.»Select Deuteronomy 5:21
22Desse ordi tala Herren på fjellet med høg røyst til heile lyden dykkar, midt utor elden og skyi og myrkret, og meir sagde han ikkje; og han skreiv dei på tvo steintavlor, og gav deim til meg.Select Deuteronomy 5:22
23Men då de høyrde røysti midt utor myrkret, og såg fjellet stod i ljos loge, då kom de til meg, alle ættehovdingarne og styresmennerne dykkar,Select Deuteronomy 5:23
24og sagde: «No hev Herren, vår Gud, synt oss sin herlegdom og sitt velde, og me hev høyrt røysti hans midt utor elden; i dag hev me set at ein mann kann liva um Gud hev tala med honom.Select Deuteronomy 5:24
25Og so lyt me døy like vel! For denne svære elden kjem til å tyna oss. Høyrer me no lenger på røysti åt Herren, vår Gud, so døyr me.Select Deuteronomy 5:25
26For kven finst det på jordi som hev høyrt den livande Gud tala midt utor elden, som me, og endå fenge liva?Select Deuteronomy 5:26
27Gakk du innåt, og høyr kva Herren, vår Gud, segjer! So kann du segja med oss alt det han talar til deg, og me skal høyra og lyda.»Select Deuteronomy 5:27
28Då Herren høyrde kva de tala med meg um, sagde han til meg: «Eg høyrde kva folket sagde med deg; det er rett alt det dei hev sagt.Select Deuteronomy 5:28
29Gjev dei all tid måtte hava den same hugen til å ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann ganga deim og borni deira vel i all æva!Select Deuteronomy 5:29
30Gakk burt til deim og seg at dei kann ganga heim att til buderne sine.Select Deuteronomy 5:30
31Men du lyt vera att her hjå meg, so eg kann segja deg alle bodi og loverne og rettarne som du skal læra deim, og som dei skal liva etter i det landet eg gjev deim til eiga.»Select Deuteronomy 5:31
32So kom då i hug å gjera som Herren, dykkar Gud, hev sagt dykk! Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre!Select Deuteronomy 5:32
33Fylg allstødt den vegen som Herren hev synt dykk! Då skal de trivast og liva både vel og lenge i det landet de fær til eiga.Select Deuteronomy 5:33
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain