Deuteronomy 6
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Dette er dei bodi og loverne og rettarne som Herren, dykkar Gud, sagde eg skulde læra dykk, og som han vil de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk.Select Deuteronomy 6:1
2Ottast du Herren, din Gud, og held du heile ditt liv alle bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, du og son din og soneson din, då skal dagarne dine verta mange på jordi.Select Deuteronomy 6:2
3So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg.Select Deuteronomy 6:3
4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren åleine.Select Deuteronomy 6:4
5Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av all di magt.»Select Deuteronomy 6:5
6Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta;Select Deuteronomy 6:6
7og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;Select Deuteronomy 6:7
8og du skal binda deim på handi di til eit merke, og bera deim som eit hovudband yver augo,Select Deuteronomy 6:8
9og skriva deim på dørskierne i huset ditt og på portarne dine.Select Deuteronomy 6:9
10No fører Herren din Gud deg inn i det landet som han lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva deg, til store og væne byar som du ikkje hev bygt,Select Deuteronomy 6:10
11og fulle hus, som du ikkje hev fyllt, til gravne brunnar, som du ikkje hev grave, og hagar med vin- og oljetre, som du ikkje hev sett. Når du då nyt godt av alt dette,Select Deuteronomy 6:11
12so agta deg at du ikkje gløymer Herren, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.Select Deuteronomy 6:12
13Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.Select Deuteronomy 6:13
14Far ikkje etter andre gudar, som folki rundt ikring dykkar fer etter!Select Deuteronomy 6:14
15For Herren, din Gud, som er midt imillom dykk, han er ein streng Gud; han kunde harmast på dykk, so han rudde dykk ut or verdi.Select Deuteronomy 6:15
16De må ikkje freista Herren, dykkar Gud, soleis som de gjorde i Massa.Select Deuteronomy 6:16
17Trutt skal de fylgja dei bodi og loverne og fyresegnerne som Herren, din Gud, hev gjeve deg,Select Deuteronomy 6:17
18og gjera det som er godt og rett i hans augo. Då skal det ganga deg vel; du skal få eiga det gilde landet som Herren lova federne dine,Select Deuteronomy 6:18
19og han skal driva ut alle fiendar for deg, soleis som han hev sagt.Select Deuteronomy 6:19
20Når son din sidan spør deg: «Korleis er det med desse loverne og fyresegnerne og bodi som Herren, vår Gud, hev gjeve dykk?»Select Deuteronomy 6:20
21då skal du segja med honom: «Me var trælar hjå Farao i Egyptarland; men Herren førde oss med fast hand ut or Egyptarlandet.Select Deuteronomy 6:21
22Og Herren let store og øgjelege teikn og under henda i Egyptarland, med Farao og heile folket hans, midt for augo våre.Select Deuteronomy 6:22
23Men oss førde han burt; han vilde fylgja oss til det landet han hadde lova federne våre, og gjeva oss det.Select Deuteronomy 6:23
24Då sette han oss fyre å halda alle desse bodi, og ottast Herren, vår Gud, so det skulde ganga oss vel alle dagar, og han kunde lata oss liva, som han til dessa hev gjort.Select Deuteronomy 6:24
25Og det skal reknast oss til rettferd at me held alle desse bodi og liver etter deim for Herrens augo, soleis som han hev sagt oss.»Select Deuteronomy 6:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain