Skip to content
Church.wiki
Ecclesiastes

Ecclesiastes 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ord av Preikaren, son åt David, konge i Jerusalem.Select Ecclesiastes 1:1

2Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, fåfengt, fåfengt! Alt er fåfengt.Select Ecclesiastes 1:2

3Kva vinning hev mannen av alt si møda som han møder seg med under soli?Select Ecclesiastes 1:3

4Ætt gjeng, og ætt kjem, medan jordi æveleg stend.Select Ecclesiastes 1:4

5Og soli renn, og soli glar, og ho skundar seg att til staden sin der som ho plar renna.Select Ecclesiastes 1:5

6Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord, han snur seg og snur seg og kjem attende til kringlaupet sitt.Select Ecclesiastes 1:6

7Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt, dit som elvarne fyrr hev runne, held dei alltid på å renna.Select Ecclesiastes 1:7

8Allting strevar so ingen det ut kann segja, ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra.Select Ecclesiastes 1:8

9Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli.Select Ecclesiastes 1:9

10Skulde dei segja um noko: «Sjå, dette er nytt!» - so hev det longe vore til i fordums tider som var fyre oss.Select Ecclesiastes 1:10

11Me hev inkje minne um deim som fyrr hev livt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller liva i minnet hjå deim som etterpå kjem.Select Ecclesiastes 1:11

12Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem.Select Ecclesiastes 1:12

13Eg lagde hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plåga som Gud hev gjeve mannsborni å plågast med.Select Ecclesiastes 1:13

14Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengt alt i hop og jag etter vind.Select Ecclesiastes 1:14

15Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast.Select Ecclesiastes 1:15

16Eg tenkte med meg sjølv: «Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt mål.»Select Ecclesiastes 1:16

17Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og.Select Ecclesiastes 1:17

18For med mykje visdom du mykje gremmest, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.Select Ecclesiastes 1:18

Next: Ecclesiastes 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ecclesiastes

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.