Ecclesiastes 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og tenk på din skapar i ungdomsdagarne, fyrr dei vonde dagarne kjem, og det lid til dei åri då du lyt segja: «Eg likar deim ikkje;»Select Ecclesiastes 12:1
2fyrr soli myrkjest, og ljoset og månen og stjernorne, og skyer kjem att etter regnet;Select Ecclesiastes 12:2
3den tid då hus-vaktmennerne skjelv, og dei kraftige mennerne krøkjest, og håndkvern-gjentorne skoftar for dei er so få, og dei som ser ut gjenom gluggarne dimmest,Select Ecclesiastes 12:3
4og gatedørerne stengdest med kverne-duren spaknar; då ein ris upp med fyrste fuglekvitring, og alle songmøyar lågmælte vert;Select Ecclesiastes 12:4
5då ein og er rædd for kvar ein bakke, og skræmslor ventar på vegen, og mandeltreet blømer, og grashoppen karar seg fram, og kapersberet dovnar; for menneskja fer til sitt æve-hus, og gråtarane gjeng ikring på gata; -Select Ecclesiastes 12:5
6fyrr sylvsnori slitnar, og gullskåli brotnar, og krukka ved kjelda gjeng sund, og hjulet dett brotna i brunnen,Select Ecclesiastes 12:6
7og moldi fer atter til jordi som fyrr ho var, og åndi gjeng atter til Gud som ho gav.Select Ecclesiastes 12:7
8Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, alt er fåfengt!Select Ecclesiastes 12:8
9Umfram det at Preikaren var ein vismann, lærde han og folket kunnskap, og grunda og granska, han sette i hop mange ordtøke.Select Ecclesiastes 12:9
10Preikaren freista å finna vænleiks-ord, ærleg uppskrivne, sanningsord.Select Ecclesiastes 12:10
11Ord av vismenner er som broddar, og i samling er dei som islegne spikrar; dei er gåva frå ein og same hyrdingen.Select Ecclesiastes 12:11
12Men elles, son min, lat deg vara åt. Det er ingen ende på all bokskrivingi, men mykje gransking armar ut kroppen.Select Ecclesiastes 12:12
13Endelykti er dette, når du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bodord! Det er målet for alle menneskje.Select Ecclesiastes 12:13
14For kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.Select Ecclesiastes 12:14
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain