Skip to content
Church.wiki
Ecclesiastes

Ecclesiastes 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og tung ligg ho på menneskja:Select Ecclesiastes 6:1

2Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let honom vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding.Select Ecclesiastes 6:2

3Um ein mann fær hundrad born og liver mange år, so talet vert stort på dagarne i hans liveår, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.Select Ecclesiastes 6:3

4For til fåfengs kom det, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt,Select Ecclesiastes 6:4

5og soli hev det korkje set eller kjent - det hev meir ro enn han.Select Ecclesiastes 6:5

6Og um han so livde tusund år tvo gonger, men ikkje fekk njota noko godt - fer ikkje alt til ein stad?Select Ecclesiastes 6:6

7All mannsens møda er for munnen hans, og like vel vert hugen aldri nøgd.Select Ecclesiastes 6:7

8For kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å vandra for augo på dei livande?Select Ecclesiastes 6:8

9Betre augnesyn enn ein urolig hugen. Det er fåfengd og jag etter vind.Select Ecclesiastes 6:9

10Det som hender, er alt fyrr nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta, og ikkje kann han saksøkja den som er sterkare enn han.Select Ecclesiastes 6:10

11For det finst ein ordrikdom som berre aukar fåfengdi, kva gagn hev mannen av det?Select Ecclesiastes 6:11

12For kven veit kva som er godt for mannen i livet, i alle hans fåfengde livedagar som han fer igjenom som ein skugge? Og kven segjer med mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?Select Ecclesiastes 6:12

Next: Ecclesiastes 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ecclesiastes

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.