Ephesians 6
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett!Select Ephesians 6:1
2«Heidra far din og mor di» - dette er det fyrste bodet med lovnad -Select Ephesians 6:2
3«at det må ganga deg vel, og du må leva lenge i landet.»Select Ephesians 6:3
4Og de feder, arga ikkje dykkar born, men fostra deim upp i Herrens tukt og påminning!Select Ephesians 6:4
5De tenarar, ver lyduge mot dykkar herrar etter kjøtet med age og otte i dykkar hjartans einfelde som mot Kristus,Select Ephesians 6:5
6ikkje med augnetenesta, liksom dei som vil tekkjast menneskje, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjartaSelect Ephesians 6:6
7og godviljugt tener som for Herren og ikkje som for menneskje,Select Ephesians 6:7
8då de veit, at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann.Select Ephesians 6:8
9Og de herrar, gjer det same mot deim, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.Select Ephesians 6:9
10Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft!Select Ephesians 6:10
11Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens svikråder!Select Ephesians 6:11
12For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.Select Ephesians 6:12
13Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt.Select Ephesians 6:13
14So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning og klædde i rettferds-brynja,Select Ephesians 6:14
15og umbundne på føterne med den tilbunad som evangeliet um freden gjev.Select Ephesians 6:15
16Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de dermed kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde!Select Ephesians 6:16
17og tak frelse-hjelmen, og Andens sverd, som er Guds ord,Select Ephesians 6:17
18medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne deri med all trott og bøn for alle dei heilage,Select Ephesians 6:18
19og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, til å forkynna fritt mod løyndomen i evangeliet,Select Ephesians 6:19
20den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um det, soleis som eg bør tala.Select Ephesians 6:20
21Men at de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus kunngjera dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren,Select Ephesians 6:21
22som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta dykkar hjarto.Select Ephesians 6:22
23Fred vere med brørne og kjærleik med tru frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!Select Ephesians 6:23
24Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus med uforgjengeleg kjærleik!Select Ephesians 6:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain