Exodus 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:Select Exodus 1:1
2Ruben og Simeon og Levi og Juda,Select Exodus 1:2
3Issakar og Sebulon og Benjamin,Select Exodus 1:3
4Dan, Naftali, Gad og Asser.Select Exodus 1:4
5Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.Select Exodus 1:5
6Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti.Select Exodus 1:6
7Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.Select Exodus 1:7
8Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.Select Exodus 1:8
9Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.Select Exodus 1:9
10Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!»Select Exodus 1:10
11So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.Select Exodus 1:11
12Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket.Select Exodus 1:12
13Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg,Select Exodus 1:13
14og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera.Select Exodus 1:14
15Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:Select Exodus 1:15
16«Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.»Select Exodus 1:16
17Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva.Select Exodus 1:17
18Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?»Select Exodus 1:18
19«Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.»Select Exodus 1:19
20Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment.Select Exodus 1:20
21Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme.Select Exodus 1:21
22Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»Select Exodus 1:22
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation