Exodus 20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då tala Gud alle desse ordi, og sagde:Select Exodus 20:1
2«Eg er Herren, din Gud, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.Select Exodus 20:2
3Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!Select Exodus 20:3
4Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet, nedunder jordi!Select Exodus 20:4
5Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,Select Exodus 20:5
6men gjer vel imot tusund etter tusund av deim som elskar meg og held bodi mine.Select Exodus 20:6
7Du skal ikkje nemna namnet åt Herren, din Gud, utan age! For Herren held ikkje den uskuldig som brukar namnet hans vyrdlaust.Select Exodus 20:7
8Kom i hug at du held kviledagen heilag!Select Exodus 20:8
9Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.Select Exodus 20:9
10Men den sjuande dagen skal vera ein kviledag vigd åt Herren, din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller feet ditt eller den framande som held seg innan portarne dine!Select Exodus 20:10
11For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi og havet og alt som i deim er; men den sjuande dagen kvilde han; difor velsigna Herren kviledagen, og lyste honom heilag.Select Exodus 20:11
12Æra far din og mor di, so du fær liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg!Select Exodus 20:12
13Du skal ikkje drepa!Select Exodus 20:13
14Du skal ikkje vera utru mot maken din!Select Exodus 20:14
15Du skal ikkje stela!Select Exodus 20:15
16Du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!Select Exodus 20:16
17Du skal ikkje trå etter huset åt grannen din! Du skal ikkje trå etter kona åt grannen din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans, eller noko anna som høyrer grannen din til».Select Exodus 20:17
18Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingarne og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei, og heldt seg langt undan.Select Exodus 20:18
19Og dei sagde til Moses: «Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!»Select Exodus 20:19
20Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for honom skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.»Select Exodus 20:20
21Men folket vart standande langt burte, medan Moses gjekk innåt myrkeskodda, der Gud var.Select Exodus 20:21
22Og Herren sagde til Moses: «So skal du segja til Israels-folket: «De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.Select Exodus 20:22
23De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg! Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk!Select Exodus 20:23
24Eit altar av torv skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt! Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt æra, skal eg koma til deg og velsigna deg.Select Exodus 20:24
25Men gjer du eit steinaltar åt meg, so skal du ikkje byggja det av hoggen stein; for brukar du bitjarn på steinarne, so vanhelgar du deim.Select Exodus 20:25
26Heller ikkje skal du stiga upp til altaret mitt etter ei tropp, so du nækjer blygsli di uppyver det.Select Exodus 20:26
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation