Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 21

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So er dei retterne du skal leggja fram for deim:Select Exodus 21:1

2Når du kjøper ein hebraisk tenestdreng, so skal han tena seks år; i det sjuande skal han sleppa or tenesta for inkje og vera fri mann.Select Exodus 21:2

3Var han einsleg då han kom, so skal han og fara sin veg einsleg; var han gift, so skal kona hans vera med honom.Select Exodus 21:3

4Hev han fenge ei kona av husbonden sin, og fær søner eller døtter med henne, so skal kona og borni høyra husbonden til, og sjølv skal han fara sin veg einsleg.Select Exodus 21:4

5Men segjer tenaren so: «Eg held av husbonden min og kona mi og borni mine; eg vil ikkje vera fri og fara min veg,»Select Exodus 21:5

6då skal husbonden føra honom fram for Gud; og leida honom innåt hurdi eller dørskii, og husbonden skal stinga ein syl gjenom øyra hans; sidan skal han tena honom all si tid.Select Exodus 21:6

7Når ein mann hev selt dotter si til tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengjerne.Select Exodus 21:7

8Hev husbonden fest henne åt seg sjølv, og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne.Select Exodus 21:8

9Men hevhan fest henne åt son sin, so skal ho njota same retten som døtterne hans eigne.Select Exodus 21:9

10Tek han seg ei onnor attåt henne, so skal han ikkje lata den fyrste vanta kost eller klæde eller hjåsvæve.Select Exodus 21:10

11Dersom han ikkje let henne få sin rett i desse tri stykki, so skal ho sleppa fri for inkje; ho skal ’kje leggja pengar.Select Exodus 21:11

12Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.Select Exodus 21:12

13Men hev han ikkje lege etter honom, og hev Gud laga det so at hin laut falla for handi hans, so skal eg nemna deg ein fredstad som han kann røma til.Select Exodus 21:13

14Når ein mann er so gudlaus at han drep grannen sin med svik, då skal du taka honom, um det so er innmed altaret mitt: han skal døy.Select Exodus 21:14

15Den som slær far sin eller mor si, skal lata livet.Select Exodus 21:15

16Den som tek ein mann og sel honom eller held honom fanga, skal lata livet.Select Exodus 21:16

17Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.Select Exodus 21:17

18Når tvo trættar, og den eine slær den andre med ein stein eller med neven, og hin ikkje døyr, men vert sengeliggjande,Select Exodus 21:18

19og sidan kjem upp att, og gjeng ute med stav, då skal den som slo vera saklaus. Men han skal halda den andre skadelaus for den tidi han var ufør til arbeid, og kosta full lækjedom på honom.Select Exodus 21:19

20Når ein mann slær drengen eller tenestgjenta si med ein stav, so dei døyr under henderne hans, då skal det hemnast.Select Exodus 21:20

21Men liver dei ein dag eller tvo etterpå, so skal det ikkje hemnast; for dei var hans eigedom.Select Exodus 21:21

22Når folk er i hop og slæst, og dei støyter til ei fremmeleg kvinna, so ho fer ille, men ikkje elles fær noko mein, so skal den som gjorde det gjeva i skadebot so mykje som mannen hennar legg på honom, eller og skal dei gjeva det under menner.Select Exodus 21:22

23Men er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv,Select Exodus 21:23

24auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot,Select Exodus 21:24

25og taka brune for brune, sår for sår, flengja for flengja.Select Exodus 21:25

26Når ein mann slær drengen sin, eller tenestgjenta si, i auga, so det vert unytt, so skal han til bot for auga gjeva deim frie.Select Exodus 21:26

27Slær han ut ei tonn på deim, so skal han gjeva deim frie til bot for tonni.Select Exodus 21:27

28Når ein ukse stangar mann eller kona so dei døyr, då skal uksen steinast, og kjøtet må ikkje etast; eigarmannen er saklaus.Select Exodus 21:28

29Men hev uksen fyrr vore olm, og eigaren er vara um det, og endå ikkje agtar honom, og han sidan drep mann eller kona, so skal uksen steinast, og eigaren skal og lata livet.Select Exodus 21:29

30Vil dei taka bøter, so skal han gjeva i løysepening for livet sitt so mykje som dei legg på honom.Select Exodus 21:30

31Stangar uksen svein eller møy, so gjeld same retten.Select Exodus 21:31

32Stangar han dreng eller tenestgjenta, so skal eigaren bøta tretti sylvdalar til husbonden deira, og uksen skal steinast.Select Exodus 21:32

33Når ein mann let ein brunn standa open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, og ukse eller asen dett ned i,Select Exodus 21:33

34då skal den som eig brunnen, gjera lika for det: han skal gjeva den som åtte dyret pengar att i staden, men den daude skrotten skal vera hans.Select Exodus 21:34

35Når uksen åt ein mann stangar i hel ein framand ukse, då skal eigarane selja den uksen som liver, og byta pengarne millom seg, og den daude uksen skal dei og byta.Select Exodus 21:35

36Men er det kunnigt at uksen var olm, og eigaren ikkje hev agta honom, so skal han gjeva ein ukse i staden, og sjølv hava den daude.Select Exodus 21:36

Next: Exodus 22Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.