Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 28

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So skal du kalla Aron, bror din, fram or Israels-lyden, både honom og sønerne hans, og setja deim til prestar for meg, Aron, og Nadab og Abihu, og Eleazar og Itamar, sønerne hans Aron.Select Exodus 28:1

2Og du skal gjera Aron, bror din, heilage klæde, til æra og til prydnad.Select Exodus 28:2

3Du skal tala med alle deim som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg, når han vert vigd til prest.Select Exodus 28:3

4Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønerne hans, so han kann vera presten min,Select Exodus 28:4

5og til det skal dei bruka gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.Select Exodus 28:5

6Messehakelen skal dei gjera av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Han skal vera vænt voven,Select Exodus 28:6

7og hava tvo aksleband som er feste innåt honom, eitt på kvar ende; dei skal vera til å hekta honom i hop med.Select Exodus 28:7

8Det skal vera ei livgjord på honom, og den skal vera like eins vovi og av same tyet som messehakelen, gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.Select Exodus 28:8

9So skal du taka tvo av sjohamsteinarne; på deim skal du grava inn namni åt Israels-sønerne,Select Exodus 28:9

10seks på kvar stein, etter alderen;Select Exodus 28:10

11på same måten som dei skjer ut i stein, eller grev ein seglring, skal du grava inn namni åt Israels-sønerne på desse tvo steinarne, og so skal du fella deim inn i fatingar av tvinna gull.Select Exodus 28:11

12Båe steinarne skal du setja på akslebandi åt messehakelen, so dei skal minna um Israels-sønerne; og når Aron stend for Herrens åsyn, skal han bera namni åt Israels-sønerne på båe herdarne sine, til ei minning.Select Exodus 28:12

13Sidan skal du gjera sylgjor av tvinna gull.Select Exodus 28:13

14Og tvo lekkjor av skirt gull skal du gjera; dei skal vera slyngde på same måten som dei slyngjer snorer. Desse snorlekkjorne skal du festa i sylgjorne.Select Exodus 28:14

15So skal du gjera ein domsbringeduk. Vænt rosa skal han vera, som messehakelen; av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn skal du gjera honom.Select Exodus 28:15

16Han skal vera firkanta og tvilagd, ei spann på lengdi og ei spann på breiddi,Select Exodus 28:16

17og sett med dyre steinar, som stend i fire rader. I ei rad skal vera ein karneol og ein topas og ein smaragd; det er den fyrste radi.Select Exodus 28:17

18I den andre radi skal vera ein rubin og ein safir og ein beryll,Select Exodus 28:18

19og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,Select Exodus 28:19

20og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei skal vera innfelte i fatingar av tvinna gull.Select Exodus 28:20

21Steinarne skal vera tolv i talet liksom Israels-sønerne, og på kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ætterne vera inngrave som på ein seglring.Select Exodus 28:21

22So skal du gjera lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.Select Exodus 28:22

23Og du skal gjera tvo gullringar til honom; deim skal du setja i kvar sitt hyrna på bringeduken,Select Exodus 28:23

24og dei tvo gullsnorerne skal du festa i dei tvo ringarne som sit i hyrno på bringeduken.Select Exodus 28:24

25Dei hine tvo endarne av båe snorerne skal du festa i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne skal du setja på akslebandi åt messehakelen, på framsida.Select Exodus 28:25

26So skal du gjera tvo andre gullringar og setja i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.Select Exodus 28:26

27Og endå tvo gullringar skal du gjera og setja på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han er hekta i hop, ovanfor livgjordi.Select Exodus 28:27

28So skal dei med ei purpursnor binda ringarne på bringeduken til ringarne på messehakelen, so bringeduken sit ovanfor livgjordi og ikkje kann rikkast frå messehakelen.Select Exodus 28:28

29Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor augo åt Herren, då skal han bera namni åt Israels-sønerne innmed hjarta sitt, på domsbringeduken, so Herren all tid skal koma deim i hug.Select Exodus 28:29

30Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron, kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.Select Exodus 28:30

31Prestekjolen, som er til å bera under messehakelen, skal du gjera av purpur all igjenom.Select Exodus 28:31

32Midt på honom skal det vera eit halssmog med ei vovi borda ikring, som halssmoget på ei brynja, so han ikkje skal rivna.Select Exodus 28:32

33Rundt ikring falden skal du setja duskar, på gjerd som granateple, av purpur og skarlak og karmesin, og imillom dei gullbjøllor, alt ikring,Select Exodus 28:33

34fyrst ei gullbjølla og ein dusk, so ei gullbjølla og ein dusk att, og soleis rundt um heile falden på kjolen.Select Exodus 28:34

35Den kjolen skal Aron hava på seg kvar gong han held gudstenesta, so ljoden av honom kann høyrast, når han gjeng inn i heilagdomen og stig fram for Herren, og når han gjeng ut att, so han ikkje skal døy.Select Exodus 28:35

36So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn, som på ein seglring, desse ordi: «Vigd åt Herren».Select Exodus 28:36

37Du skal festa henne i huva med ei purpursnor: framme på huva skal ho sitja.Select Exodus 28:37

38Uppyver skallen hans Aron skal ho sitja, so Aron kann svara for veilorne i dei heilage offeri som Israels-borni vigjer til Herren - alle dei vigde gåvorne som dei ber fram. Ho skal all tid sitja uppyver skallen hans, so dei skal vera velsedde for Herrens åsyn.Select Exodus 28:38

39So skal du gjera ein brogdut underkjole av lin, og ei huva av lin, og eit belte med rosesaum.Select Exodus 28:39

40Og til sønerne hans Aron skal du gjera underkjolar, og du skal gjera deim belte, og hovudplagg skal du gjera deim, til æra og til prydnad.Select Exodus 28:40

41Med dette skal du klæda Aron, bror din, og sønerne hans, og so skal du salva deim og setja deim inn i embættet og vigja deim til prestar for meg.Select Exodus 28:41

42So skal du gjera deim lereftsbrøker til å gøyma blygsli si med: frå mjødmarne og ned på låri skal brøkene nå.Select Exodus 28:42

43Og Aron og sønerne hans skal hava deim på seg, når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og held gudstenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans i all æva.Select Exodus 28:43

Next: Exodus 29Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.