Exodus 29
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Høyr no kva du skal gjera med deim, når du vigjer deim til prestar: Du skal taka ein ung ukse og tvo verar som ikkje hev lyte,Select Exodus 29:1
2og so søtt omnsbrød og hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje. Alt dette skal du laga av fint kveitemjøl.Select Exodus 29:2
3Du skal leggja deim i ei korg, og so skal du bera det fram i korgi, og leida fram uksen og verarne.Select Exodus 29:3
4Aron og sønerne hans skal du kalla burt åt døri til møtetjeldet og två deim med vatn.Select Exodus 29:4
5So skal du taka den heilage klædebunaden, og klæda Aron med underkjolen og prestekjolen, og hava på honom messehakelen og bringeduken, og binda livgjordi um honom,Select Exodus 29:5
6og setja huva på hovudet hans, og den heilage gullspongi i huva,Select Exodus 29:6
7og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva honom.Select Exodus 29:7
8So skal du kalla fram sønerne hans, og klæda deim med kjolar,Select Exodus 29:8
9og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.Select Exodus 29:9
10Du skal leida uksen fram åt møtetjeldet, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt uksen.Select Exodus 29:10
11Og du skal slagta uksen framfor augo åt Herren, i døri til møtetjeldet.Select Exodus 29:11
12So skal du taka noko av blodet og strjuka på altarhorni med fingeren, og alt hitt blodet skal du hella ut innmed altarfoten.Select Exodus 29:12
13Heila netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, skal du taka og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen.Select Exodus 29:13
14Men kjøtet av uksen og hudi og goret skal du brenna upp utanfor lægret. Dette er eit syndoffer.Select Exodus 29:14
15So skal du taka den eine veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.Select Exodus 29:15
16Og du skal slagta veren og taka blodet og skvetta rundt ikring på altaret.Select Exodus 29:16
17Sjølve veren skal du lema sund, og innvolen og føterne skal du två og leggja ovanpå lemerne og hovudet.Select Exodus 29:17
18Og so skal du brenna heile veren på altaret, so røyken stig upp imot himmelen; det er eit brennoffer åt Herren, eit eldoffer er det, som stig upp til Herren med kveikjande ange.Select Exodus 29:18
19So skal du taka den andre veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.Select Exodus 29:19
20Og du skal slagta veren og taka noko av blodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt Aron og sønerne hans og på den høgre tumarsfingeren og høgre tumarståi deira, og hitt blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.Select Exodus 29:20
21So skal du taka noko av det blodet som er på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og klædi hans, og sameleis på sønerne hans og klædi deira, so vert han og klædi hans vigsla, og like eins sønerne hans og klædi deira.Select Exodus 29:21
22Sidan skal du taka det feitaste av veren, både spælen og netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, og so det høgre låret; for dette er ein vigslever.Select Exodus 29:22
23Og or søtebrødkorgi som stend framfor augo åt Herren, skal du taka eit kakebrød og ei oljekaka og ein tunnbrødleiv.Select Exodus 29:23
24Alt dette skal du leggja i henderne på Aron og sønerne hans, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.Select Exodus 29:24
25Sidan skal du taka det utor henderne deira, og brenna det på altaret i hop med brennofferet, so det kann anga godt for Herren; det er eit eldoffer til Herren.Select Exodus 29:25
26So skal du taka bringa av vigsleveren åt Aron og svinga henne att og fram for Herrens åsyn; den skal vera din lut.Select Exodus 29:26
27Og svingebringa og lyftelåret, det som vert svinga og det som vert lyft av vigsleveren åt Aron og sønerne hans, det skal du lysa heilagt;Select Exodus 29:27
28det skal vera retten åt Aron og sønerne hans hjå Israels-folket i all æva; for det er ei reida, ei reida som Israels-folket skal gjeva av takkofferi sine, ei reida frå deim til Herren.Select Exodus 29:28
29Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønerne hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og innsette i embættet.Select Exodus 29:29
30Sju dagar skal den av sønerne som vert prest i staden hans, bera denne bunaden, han som gjeng inn i møtetjeldet og gjer tenesta i heilagdomen.Select Exodus 29:30
31Du skal taka vigsleveren og sjoda kjøtet på ein heilag stad.Select Exodus 29:31
32Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønerne hans eta i døri til møtetjeldet.Select Exodus 29:32
33Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert innsette i embættet og vigde til prestar. Men framande folk må ikkje eta av det; for det er heilagt.Select Exodus 29:33
34Og vert noko av vigsleofferkjøtet eller av brødet liggjande til morgons, so skal du brenna det upp. Det må ikkje etast; for det er heilagt.Select Exodus 29:34
35Soleis er det du skal gjera med Aron og sønerne hans; du skal i alle måtar gjera som eg segjer deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara,Select Exodus 29:35
36og kvar dag skal du ofra ein ung ukse til syndoffer og soning; du skal reinsa altaret for synd, med di du gjer soning for det, og du skal salva det og vigsla det.Select Exodus 29:36
37Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det, og då skal altaret vera høgheilagt; kvar den som kjem nær altaret, skal vera vigd til heilagdomen.Select Exodus 29:37
38Tvo årsgamle lamb skal du dagstødt ofra på altaret.Select Exodus 29:38
39Det eine lambet skal du ofra um morgonen, og det andre soleglads bil.Select Exodus 29:39
40Tiandeparten av ei skjeppa fint kveitemjøl, blanda med ei halvkanna av den finaste beroljen, skal du hava attåt det fyrste lambet, og til drykkoffer ei halvkanna vin.Select Exodus 29:40
41Det andre lambet skal du ofra soleglads bil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.Select Exodus 29:41
42Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn i døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til deg.Select Exodus 29:42
43Der er det eg vil møtast med Israels-borni, og huset skal helgast av herlegdomen min.Select Exodus 29:43
44Både møtetjeldet og altaret vil eg helga, og Aron og sønerne hans vil eg vigja til prestar for meg.Select Exodus 29:44
45Eg vil bu midt imillom Israels-folket og vera deira Gud,Select Exodus 29:45
46og dei skal sanna at eg er Herren, deira Gud, som leidde deim ut or Egyptarlandet, og vil bu millom deim, eg, Herren, deira Gud.Select Exodus 29:46
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation