Exodus 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Moses han gjætte no buskapen åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. So var det ein gong han for langt atti heidi med fenaden, då kom han til Gudsfjellet, til Horeb.Select Exodus 3:1
2Der synte Herrens engel seg for honom i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.Select Exodus 3:2
3Då tenkte Moses med seg: «Eg vil ganga innåt og sjå dette store underet, kvifor klungeren ikkje brenn upp.»Select Exodus 3:3
4Då Herren såg at han kom innåt og vilde sjå, so ropa Gud til honom utor klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.»Select Exodus 3:4
5Då sagde han: «Kom ikkje næmare! Hav av deg skorne! For staden du stend på, er heilag jord.»Select Exodus 3:5
6Og han sagde: «Eg er far din’s Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andlitet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud.Select Exodus 3:6
7Og Herren sagde: «Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futarne; eg veit kva dei lid.Select Exodus 3:7
8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.Select Exodus 3:8
9For no hev naudropet frå Israels-borni nått upp til meg, og eg hev og set korleis egyptarane trugar og plågar deim.Select Exodus 3:9
10Gakk no du til Farao med bod frå meg, og før folket mitt, Israels-borni, ut or Egyptarland!»Select Exodus 3:10
11Då sagde Moses til Gud: «Er eg den mann, at eg kann ganga til Farao, og kann eg føra Israels-borni ut or Egyptarland?»Select Exodus 3:11
12Og han sagde: «Ja, for eg skal vera med deg! Og det skal du hava til merke på at det er eg som hev sendt deg: Når du hev ført folket ut or Egyptarland, so skal de halda gudstenesta på dette fjellet.»Select Exodus 3:12
13Då sagde Moses til Gud: «Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer med deim: «Fedreguden dykkar hev sendt meg til dykk,» og dei so spør: «Kva er namnet hans?» kva skal eg då svara deim?»Select Exodus 3:13
14Og Gud sagde til Moses: «Eg er den eg er! So skal du svara Israels-borni,» sagde han: «Han som heiter «Eg er», hev sendt meg til dykk.»Select Exodus 3:14
15Og endå sagde Gud det til Moses: «So skal du segja til Israels-borni: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.»Select Exodus 3:15
16Gakk no du, og samla i hop dei øvste i Israel, og seg med deim: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev synt seg for meg og sagt: Eg hev havt auga med dykk og veit korleis dei fer åt med dykk i Egyptarland.Select Exodus 3:16
17Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.»Select Exodus 3:17
18Og dei skal gjeva gaum etter ordi dine, og so skal du ganga fram for kongen i Egyptarland, du og dei øvste i Israel, og de skal segja med honom: «Herren, Hebræarguden, hev møtt oss! Gode, gjev oss lov til å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud!»Select Exodus 3:18
19Men eg veit at kongen i Egyptarland ikkje gjev dykk lov til å fara, ikkje um han so fær kjenna ei sterk hand yver seg.Select Exodus 3:19
20So vil eg då lyfta handi mi, og slå egyptarane med alle underi mine, som eg vil gjera midt imillom deim, og då skal dei sleppa dykk.Select Exodus 3:20
21Og eg vil gjera det so at egyptarane fær godvilje for dette folket, so de ikkje skal fara tomhendte, når de fer;Select Exodus 3:21
22men kvar kona skal beda grannekona si, eller den ho bur i hus med, um sylv og gull og helgeklæde, og det skal de lata sønerne og døtterne dykkar hava på seg; det skal vera herfanget de tek av egyptarane.»»Select Exodus 3:22
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation