Skip to content
Church.wiki
Exodus

Exodus 30

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akazietre skal du gjera det,Select Exodus 30:1

2ei alen langt og ei alen breidt; firkanta skal det vera og tvo alner høgt, og hava horn som er samgjorde med det.Select Exodus 30:2

3Du skal klæda det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjera ein gullkrans på det heilt ikring.Select Exodus 30:3

4Nedanfor kransen på dei tvo sidorne skal du setja tvo gullringar, tvo på kvar sida, dei skal det smøygjast stenger inn i til å bera altaret etter.Select Exodus 30:4

5Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull.Select Exodus 30:5

6Dette altaret skal du setja framanfor forhenget som heng attfor lovtavlekista, beint framfor loket som ligg yver lovtavlorne, der som eg vil møtast med deg.Select Exodus 30:6

7Og Aron skal brenna angande røykjelse på det: kvar morgon når han steller lamporne, skal han brenna røykjelsen;Select Exodus 30:7

8og det same skal han gjera, når han set upp lamporne i kveldingi. Dette røykofferet skal de og etterkomarane dykkar dagstødt bera fram for Herrens andlit.Select Exodus 30:8

9De må ikkje ofra framand røykjelse på det, og ikkje brennoffer eller grjonoffer; heller ikkje må de hella ut drykkoffer på det.Select Exodus 30:9

10Ein gong um året skal Aron strjuka blodet av sonings-syndofferet på alterhorni; mann etter mann skal han og etterkomarane hans ein gong um året gjera soning for altaret; då er det høgheilagt for Herren.»Select Exodus 30:10

11Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Exodus 30:11

12«Når du held manntal yver Israels-folket, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same dei vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver deim for teljingi skuld.Select Exodus 30:12

13Ein halv dalar i heilag mynt - etter tjuge gera i dalaren - skal kvar gjeva, som kjem med i manntalet. Denne halve dalaren skal vera ei reida til Herren.Select Exodus 30:13

14Alle dei som vert talde, frå tjugeårsalderen og uppetter, skal leggja denne reida til Herren.Select Exodus 30:14

15Dei rike skal ikkje gjeva meir, og dei fatige ikkje mindre enn ein halv dalar, når de legg denne reida åt Herren til løysepengar for livet dykkar.Select Exodus 30:15

16Og du skal taka imot løysepengarne av Israels-folket og bruka deim til gudstenesta i møtetjeldet, so det kann vera ei minning for Herren um Israels-folket og ein løysepening for livet deira.»Select Exodus 30:16

17Og Herren tala meir til Moses, og sagde:Select Exodus 30:17

18«Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn i henne.Select Exodus 30:18

19Og Aron og sønerne hans skal taka av vatnet, og två henderne og føterne sine;Select Exodus 30:19

20kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal halda gudstenesta og brenna eldoffer åt Herren.Select Exodus 30:20

21Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans, mann etter mann, i all æva.»Select Exodus 30:21

22Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:Select Exodus 30:22

23«Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, tretti merker, og egte kanelbork, helvti so mykje eller femtan merker, og krydderøyr, femtan merker,Select Exodus 30:23

24og kassia, tretti merker, alt etter heilag vegt, og so ein åttung av den finaste beroljen.Select Exodus 30:24

25Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddemyrsel, soleis som dokterane lagar salve. Ein heilag salvingsolje skal det vera,Select Exodus 30:25

26og med den skal du salva møtetjeldet og lovtavlekistaSelect Exodus 30:26

27og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til honom, og røykofferaltaretSelect Exodus 30:27

28og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på.Select Exodus 30:28

29Du skal vigsla deim, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær deim, skal vera vigd åt heilagdomen.Select Exodus 30:29

30Og Aron og sønerne hans skal du salva og vigja til prestar for meg.Select Exodus 30:30

31Og du skal tala til Israels-folket og segja: «Denne salvingsoljen skal de og etterkomarane dykkar vigja åt meg.Select Exodus 30:31

32Han må ikkje koma på likamen på kvar manns likam, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda honom.Select Exodus 30:32

33Den som lagar maken til denne kryddesalven, eller brukar honom på framande, han skal rydjast ut or folket sitt.»»Select Exodus 30:33

34Og endå sagde Herren det til Moses: «Få deg sterke røykjekryddor: myrrakvåda og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart!Select Exodus 30:34

35Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som apotekarane lagar, salta, rein, vigsla.Select Exodus 30:35

36Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor lovtavlorne i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det.Select Exodus 30:36

37Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; han skal vera vigd åt Herren.Select Exodus 30:37

38Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.»Select Exodus 30:38

Next: Exodus 31Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Exodus

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.