Exodus 35
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Moses kalla i hop heile Israels lyden, og sagde med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:Select Exodus 35:1
2Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag; han skal vera ein kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.Select Exodus 35:2
3Ingen av dykk må kveikja upp eld i huset sitt på kviledagen.»Select Exodus 35:3
4Og endå sagde Moses med heile Israels-lyden: «Høyr no kva Herren segjer og vil:Select Exodus 35:4
5«Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og koparSelect Exodus 35:5
6og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn og geiteraggSelect Exodus 35:6
7og raudlita verskinn og markuskinn og akazietreSelect Exodus 35:7
8og olje til ljosestaken og kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsenSelect Exodus 35:8
9og sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.Select Exodus 35:9
10Og dei av dykk som hev kunstgivnad, skal koma og gjera alt det som Herren hev sagt:Select Exodus 35:10
11huset med raggetæpi og taket og krokarne og plankarne og tverstokkarne og stolparne og stabbarne,Select Exodus 35:11
12kista og stengerne som ho skal berast etter, og kisteloket og forhengtæpet,Select Exodus 35:12
13bordet med berestengerne og alt anna som til høyrer, og skodebrødi,Select Exodus 35:13
14den skinande ljosestaken med det som høyrer til, og lamporne og oljen til ljosestaken,Select Exodus 35:14
15røykjelsealtaret med berestengerne, som høyrer attåt, og salvingsoljen og den angande røykjelsen, og dørtæpet til husdøri,Select Exodus 35:15
16brennofferaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrer til, balja med foten under,Select Exodus 35:16
17lereftsgarden, som skal vera kring tunet, med stolparne som høyrer attåt, og stabbarne som dei skal standa på, og tæpet til tunporten,Select Exodus 35:17
18pålarne til huset og til lereftsgarden og togi som skal bindast i deim,Select Exodus 35:18
19embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi til sønerne hans.»»Select Exodus 35:19
20So gjekk heile Israels-lyden burt frå Moses,Select Exodus 35:20
21og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.Select Exodus 35:21
22Dei kom både menner og kvende, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som vilde vigja eit gulloffer åt Herren.Select Exodus 35:22
23Og alle som hadde purpur eller skarlak eller karmesin eller kvitt lingarn eller geiteragg eller raudlita verskinn eller markuskinn, dei kom med det.Select Exodus 35:23
24Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akazietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.Select Exodus 35:24
25Kvar ei kona som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender, og kom med spunen: purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.Select Exodus 35:25
26Og alle kvende som hadde hug og dug til det, spann geiteragget.Select Exodus 35:26
27Hovdingarne kom med sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken,Select Exodus 35:27
28og med kryddor og olje til ljosestaken og til salvingsoljen og den angande røykjelsen.Select Exodus 35:28
29Kvar mann og kona av Israels-folket som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom viljugt med ei gåva til Herren.Select Exodus 35:29
30So sagde Moses til Israels-folket: «Høyr her! Herren hev kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,Select Exodus 35:30
31og fyllt honom med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,Select Exodus 35:31
32so han kann emna til fagre ting og smida deim ut i gull og i sylv og i kopar,Select Exodus 35:32
33og ferda til glimesteinarne som skal setjast på presteskrudet, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.Select Exodus 35:33
34Og gåva til å læra frå seg hev han lagt både i honom og Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti.Select Exodus 35:34
35Han hev fyllt deim med kunstnarånd, so dei kann både smida og snikra, og gjera åklæde med innvovne bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn, og veva kva dei vil, alt arbeid kann dei greida, og kunstverk kann dei skapa.Select Exodus 35:35
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation