Exodus 39
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Av purpuret og skarlaket og karmesinet gjorde dei embætsskrud til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædbunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:1
2Messehakelen gjorde dei av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.Select Exodus 39:2
3Dei hamra gullet ut i plator og klypte det upp til tråd, so det kunde virkast inn i purpuret og skarlaket og karmesinet og det kvite lingarnet med kunstvevnad.Select Exodus 39:3
4So gjorde dei aksleband til å festa innåt messehakelen; med deim vart han hekta i hop på båe endarne.Select Exodus 39:4
5Livgjordi som var på messehakelen og skulde spennast um honom, var like eins vovi og av same tyet - av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn - soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:5
6So ferda dei til sjohamsteinarne, og felte deim inn i fatingar av tvinna gull. Namni åt Israels-sønerne var inngravne på deim som på ein seglring,Select Exodus 39:6
7og dei vart sette på akslebandi åt messehakelen til minna um Israels-sønerne, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:7
8So gjorde dei bringeduken. Han var vænt rosa liksom messehakelen, med gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.Select Exodus 39:8
9Firkanta gjorde dei bringeduken og tvilagd; ei spann på lengdi og ei spann på breiddi var han, og tvilagd.Select Exodus 39:9
10Og fire rader med dyre steinar sette dei på honom: I ei rad var ein karneol og ein topas og ein smaragd; det var den fyrste radi.Select Exodus 39:10
11I den andre radi var ein rubin og ein safir og ein beryll,Select Exodus 39:11
12og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,Select Exodus 39:12
13og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei vart innfelte i fatingar av tvinna gull.Select Exodus 39:13
14Steinarne var so mange som Israels-sønerne, tolv, so dei svara til talet deira, og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ætterne inngrave som på ein seglring.Select Exodus 39:14
15So laga dei lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.Select Exodus 39:15
16Og dei gjorde tvo gullsylgjor og tvo gullringar, og sette ringarne i kvar sitt hyrna på bringeduken.Select Exodus 39:16
17Dei tvo gullsnorerne feste dei i dei tvo ringarne som sat i hyrno på bringeduken,Select Exodus 39:17
18og dei hine tvo endarne av båe snorerne feste dei i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne sette dei på akslebandi åt messehakelen, på framsida.Select Exodus 39:18
19So gjorde dei tvo andre gullringar og sette i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.Select Exodus 39:19
20Og endå tvo gullringar gjorde dei og sette på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han var hekta i hop, ovanfor livgjordi,Select Exodus 39:20
21og so batt dei med ei purpursnor ringarne på bringeduken i hop med ringarne på messehakelen, so bringeduken sat ovanfor livgjordi og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:21
22So gjorde dei prestekjolen, som var til å bera under messehakelen; han var voven og all igjenom av purpur.Select Exodus 39:22
23Midt på honom var det eit halssmog som på ei brynja, og kringum halssmoget ei borda, so han ikkje skulde rivna.Select Exodus 39:23
24I falden på kjolen sette dei duskar, på gjerd som granateple, av tvinna purpurgarn og skarlak og karmesin,Select Exodus 39:24
25so gjorde dei bjøllor av skirt gull og sette rundt ikring på kjolefalden, millom duskarne:Select Exodus 39:25
26fyrst ei bjølla og ein dusk, so ei bjølla og ein dusk att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:26
27So gjorde dei vovne underkjolar av fint lin til Aron og sønerne hans,Select Exodus 39:27
28og ei kvit linhuva, og prydelege hovudplagg av kvitt lin, og lereftsbrøker av kvitt tvinna lingarn,Select Exodus 39:28
29og ei livgjord med rosor av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:29
30So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet, og på den grov dei inn, som i ein seglring: «Vigd åt Herren,»Select Exodus 39:30
31og dei sette ei purpursnor i henne, og feste henne ovantil på huva, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:31
32No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt møtetjeldhuset, og Israels-folket hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.Select Exodus 39:32
33So kom dei då til Moses med huset: tjeldet med alt det som høyrde til det: krokarne og plankarne og tverrstokkarne og stolparne og stabbarneSelect Exodus 39:33
34og det raudlita verskinnstaket og markuskinns-taket og forhengtæpet,Select Exodus 39:34
35lovtavlekista med berestengerne og loket,Select Exodus 39:35
36bordet med alle dei ting som høyrde til det, og skodebrødi,Select Exodus 39:36
37gull-ljosestaken med lamporne som var sette i rad og alt anna som høyrde til,Select Exodus 39:37
38gullaltaret og salvingsoljen og den angande røykjelsen og tæpet til tjelddøri,Select Exodus 39:38
39koparaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrde attåt, balja og foten ho skulde standa på,Select Exodus 39:39
40lereftsgarden til tunet med stolparne og stabbarne som høyrde til og tæpet til tunporten og togi og pålarne og alt det som skulde brukast til den heilage tenesta i gudshuset, i møtetjeldet,Select Exodus 39:40
41embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden til Aron, presten, og messeklædi til sønerne hans.Select Exodus 39:41
42Som Herren hadde sagt Moses fyre, heiltupp soleis hadde Israels-folket gjort alt arbeidet.Select Exodus 39:42
43Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det soleis som Herren hadde sagt, so velsigna han deim.Select Exodus 39:43
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation