Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 18

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 18:1

2Korleis kann de bruka dette ordtøket i Israels land og segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtennte.»Select Ezekiel 18:2

3So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, de skal ikkje få bruka dette ordtøket meir i Israel.Select Ezekiel 18:3

4Sjå, alle sjælerne er mine, både sjæli åt faren og sjæli åt sonen; mine er dei; den sjæl som syndar, ho skal døy.Select Ezekiel 18:4

5Og når ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd:Select Ezekiel 18:5

6ikkje et offermat på fjelli og ikkje kaster augo sine på dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden og ikkje skjemmer kona åt grannen sin og ikkje kjem nær ei kvinna medan ho er urein,Select Ezekiel 18:6

7og ikkje er hard imot nokon, let skuldmannen få pantet sitt att, ikkje fer med ransverk, gjev den hungrige sitt brød og klæder den nakne,Select Ezekiel 18:7

8ikkje låner ut for renta og ikkje tek yvermål, held si hand burte frå det som rangt er, dømer rett dom mann og mann imillom,Select Ezekiel 18:8

9ferdast i mine bod og held mine lover, so han gjer det som rett er - han er rettferdig, liva skal han, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 18:9

10Men han fær kann henda ein son som tek til med valdsverk, renner ut blod eller gjer eitkvart sovoreSelect Ezekiel 18:10

11- endå han ikkje gjorde noko slikt - for han et ogso offermat på fjelli, skjemmer kona åt grannen sin,Select Ezekiel 18:11

12er hard imot armingen og fatigmannen, fer med ransverk, gjev ikkje pant tilbake, kaster augo sine på dei ufysne avgudar, fer med styggedom,Select Ezekiel 18:12

13låner ut for rente og tek yvermål - og so skulde han liva! Han skal ikkje liva. Alle desse styggjor gjorde han; banen hans skal det verta, blodet hans skal koma yver honom.Select Ezekiel 18:13

14Men sjå, so fær han ein son, og han ser alle synderne åt far sin som han gjorde, han ottast og gjer ikkje etter deim;Select Ezekiel 18:14

15han et ikkje offermat på fjelli og kastar ikkje augo sine dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, skjemmer ikkje kona åt grannen sinSelect Ezekiel 18:15

16og er ikkje hard mot nokon, tek ikkje pant og fer ikkje med ransverk, gjev den hungrige sitt brød og klæder den nakne,Select Ezekiel 18:16

17held handi si tilbake frå armingen, tek ikkje renta og yvermål, gjer etter mine lover og ferdast i mine bod. Han skal ikkje døy for misgjerningi åt far sin, liva skal han.Select Ezekiel 18:17

18Far hans som for med valdsverk og rana frå bror og gjorde det som ikkje er godt midt i lyden sin, sjå han laut døy for si misgjerning.Select Ezekiel 18:18

19Men de segjer: «Kvi skal ikkje sonen bera syndeskuldi åt far sin?» Sonen hev då gjort rett og rettferd alle mine bod hev han halde og gjort etter deim; liva skal han.Select Ezekiel 18:19

20Den sjæli som syndar, ho skal døy. Son skal ikkje bera syndeskuldi åt far sin, og far skal ikkje bera syndeskuldi åt son sin. Yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den gudlause skal hans gudløysa vera.Select Ezekiel 18:20

21Men når den ugudlege vender um frå alle sine synder som han hev gjort, og held alle mine bod og gjer rett og rettferd, då skal han liva og ikkje døy.Select Ezekiel 18:21

22Alle hans misgjerningar som han hev gjort, skal vera gløymde; ved si rettferd som han gjorde, skal han liva.Select Ezekiel 18:22

23Skulde eg hava hugnad i det, at den ugudlege døyr? segjer Herren, Herren. Måtte ikkje det fegna meg, at han vendar um frå sin veg og liver?Select Ezekiel 18:23

24Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, alle slike styggjor som den ugudlege gjer, skulde han gjera det og liva? All hans rettferd som han gjorde, skal verta gløymd. For den truløysa han for med, for det skal han døy.Select Ezekiel 18:24

25Og de segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Høyr då, du Israels-lyd! Er ikkje mi åtferd rett? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?Select Ezekiel 18:25

26Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so skal han difor døy; for sin urett som han gjorde, skal han døy.Select Ezekiel 18:26

27Og når ein ugudleg vender um frå si gudløysa, som han hev gjort, og gjer rett og rettferd, so skal han halda si sjæl i live.Select Ezekiel 18:27

28For han såg alle sine misgjerningar som han hadde gjort, og vende um frå deim; liva skal han, han skal ikkje døy.Select Ezekiel 18:28

29Men Israels-lyden segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Er ikkje mi åtferd rett, du Israels lyd? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?Select Ezekiel 18:29

30Difor vil eg døma dykk, du Israels lyd, ein og kvar etter hans åtferd, segjer Herren, Herren. Vend um og vend dykk burt frå alle dykkar misgjerningar, so ikkje skuld skal føra dykk til fall!Select Ezekiel 18:30

31Kasta frå dykk alle dykkar misgjerningar som de hev misfare dykk med, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! For kvi vil de døy, du Israels lyd?Select Ezekiel 18:31

32For eg hev ikkje hugnad i dauden åt den som døyr, segjer Herren, Herren. So vend då um, so skal de liva!Select Ezekiel 18:32

Next: Ezekiel 19Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.