Ezekiel 19
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og du, set i med ein syrgjesong um Israels fyrstarSelect Ezekiel 19:1
2og seg: «Kvar er mor di? Ei løvemor. Millom løvor ho låg, i ungløve-lag sine ungar ho ol.Select Ezekiel 19:2
3Og ho tamde upp ungen den eine, han vart ungløva, han, og han lærde å riva til seg ran; menner han åt.Select Ezekiel 19:3
4Og folkeslag høyrde um honom; han vart fanga i deira grav, og med naseringar på vart han førd til Egypt.Select Ezekiel 19:4
5Og ho såg det - for ho stunda -: Hennar von var spilt. So tok ho ein til av sine ungar, honom sette ho til løva å vera.Select Ezekiel 19:5
6Og han sveiv ikring millom løvor, ei ungløva sjølv. Og han lærde å røva til seg ran; menner åt han.Select Ezekiel 19:6
7Og han skjemde enkjorne deira, og han lagde deira byar øyde. Og landet med alt som var i det tok fæla av buringi hans.Select Ezekiel 19:7
8Då gjekk dei imot honom, folki frå fylki rundt ikring, og breidde sitt garn yver honom. Han vart fanga i deira grav.Select Ezekiel 19:8
9Og dei sette honom i bur, med naseringar på, og førde honom til kongen i Babel. So sette dei honom i tjukkmura borger, for at ein aldri meir skulde høyra hans røyst burtpå Israelsfjelli.Select Ezekiel 19:9
10Medan du fekk vera i ro, var di mor som eit vintre, planta attmed vatn, rikt på frukt og på greiner av alt det vatnet det hadde.Select Ezekiel 19:10
11Og det fekk sterke greiner til hovdingestavar, og høgt voks det upp millom skyer, og det var audsynt for si høgd og for rankorne mange.Select Ezekiel 19:11
12Då vart det rive upp i harm og kasta på jordi, og austanvinden forturka frukti. Greinerne dei sterke vart rivne av og torna, elden øydde deim ut.Select Ezekiel 19:12
13Og no er det planta i audni, i eit land so turt og tyrst.Select Ezekiel 19:13
14Og eld gjekk ut frå den kvistute grein, han øydde frukti. Og det hev ikkje meir nokor sterk grein til hovdingstav.» - Ein syrgjesong er det, og til ein syrgjesong vart det.Select Ezekiel 19:14
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain