Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 22

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 22:1

2Og du, menneskjeson! Vil du døma, vil du døma blodbyen? So lat honom få vita um all sin styggedom!Select Ezekiel 22:2

3Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Å, for ein by! som renner ut blod midt inni seg, so tidi hans må koma, og som gjer seg ufysne avgudar til å sulka seg med!Select Ezekiel 22:3

4Med blodet som du hev rent ut, hev du ført skuld yver deg, og med dei ufysne avgudarne dine som du gjorde, hev du sulka deg, og du hev fenge dagarne dine til å nærma seg, og åri hev du nått. Difor gjer eg deg til spe åt folki og til spott for alle land.Select Ezekiel 22:4

5Dei som er nær og dei som er langt ifrå deg, skal hæda deg, du med ditt utskjemde namn og di vimande villa.Select Ezekiel 22:5

6Sjå, Israels fyrstar hjå deg leit kvar på sin arm - til å renna ut blod.Select Ezekiel 22:6

7Far og mor vanvyrde dei hjå deg, mot den framande for dei fram med vald hjå deg, den farlause og enkja var dei harde med hjå deg.Select Ezekiel 22:7

8Heilagdomarne mine svivyrde du, og kviledagarne mine vanhelga du.Select Ezekiel 22:8

9Baktalarar var det hjå deg til å renna ut blod, på fjelli åt dei offermat hjå deg, skjemdarverk for dei med hjå deg.Select Ezekiel 22:9

10Hjå deg nækte dei fars blygsl, hjå deg skjemde dei kvende som var ureine i sine månadstider.Select Ezekiel 22:10

11Ein for med skjæmdarverk med grannekona si, ein annan skjemde ut sonekona si i skamlaus ulivnad, og endå ein annan skjemde syster si, dotter åt far sin, hjå deg.Select Ezekiel 22:11

12Mutor tok dei hjå deg for å renna ut blod. Renta og yvermål tok du, og mot grannen din gjorde du uskil med vald, og meg gløymde du, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 22:12

13Og sjå, eg hev slege henderne mine i hop yver syndepengarne du hev samla, og yver blodspillet som var hjå deg.Select Ezekiel 22:13

14Kann hjarta ditt standa seg eller henderne dine vera fullsterke i dei dagarne då du fær med meg å gjera? Eg, Herren, hev tala og vil setja det i verk.Select Ezekiel 22:14

15Og eg vil spreida deg millom folki og strå deg i landi, og eg skal få ureinska di av deg.Select Ezekiel 22:15

16Og du skal varta vanhelga ved deg sjølv framfor augo på folki. Då skal du sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 22:16

17Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 22:17

18Menneskjeson! Israels-lyden vart berre til slagg for meg; alle i hop er dei kopar og tin og jarn og bly inni ein omn, dei er sylvslagg vortne.Select Ezekiel 22:18

19Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di de er vortne til slagg alle saman, sjå, so vil eg samla dykk i hop midt i Jerusalem.Select Ezekiel 22:19

20Likeins som ein samlar i hop sylv og kopar og jarn og bly og tin midt i ein omn og blæs upp eld på det og smelter det, soleis vil eg samla dykk i hop - i min vreide og harm - og eg vil hava dykk nedi og smelta dykk.Select Ezekiel 22:20

21Ja, eg vil sanka dykk saman og blåsa min vreide-eld på dykk, og der skal de smelta.Select Ezekiel 22:21

22Likeins som sylv smelter i ein omn, soleis skal de smelta der. Og de skal sanna at eg, Herren, hev rent ut min harm yver dykk.Select Ezekiel 22:22

23Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 22:23

24Menneskjeson! seg til det: Du er eit land som ikkje er reinsa, som ikkje hev fenge regn på ein vreide-dag.Select Ezekiel 22:24

25Eit samansvore lag er deira profetar der, dei er som ei burande løva, ranande ran; sjæler et dei upp, eignaluter og dyrverdige ting tek dei, mange gjer dei der til enkjor.Select Ezekiel 22:25

26Prestane deira gjer vald på mi lov og vanhelgar heilagdomarne mine. Heilagt frå vanheilagt skil dei ikkje, millom ureint og reint lærer dei ikkje nokon å skilja, og for kviledagarne mine let dei att sine augo, og eg vert vanhelga midt ibland deim.Select Ezekiel 22:26

27Fyrstarne deira er som vargar, ranande ran - med å renna ut blod, med å tyna sjæler, so dei kann auka syndepengarne sine.Select Ezekiel 22:27

28Profetarne stryk på kalk åt deim, med di dei skodar fåfengd og spår lygn åt deim; dei segjer: «So segjer Herren, Herren,» endå Herren ikkje hev tala.Select Ezekiel 22:28

29Landslyden fer med valdsverk, med flåing og ran, og med arming og fatigmann er dei harde, og mot den framande gjer dei vald og urett.Select Ezekiel 22:29

30Og eg leita etter ein mann millom deim som vilde mura mur og standa i gapet framfor mi åsyn til vern for landet, so eg ikkje skulde leggja det i øyde, men eg fann ingen.Select Ezekiel 22:30

31So vil eg då renna ut min vreide, i min brennande harm gjer eg ende på deim. Åtferdi deira legg eg på deira eige hovud, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 22:31

Next: Ezekiel 23Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.