Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 28

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 28:1

2Menneskjeson! Seg med fyrsten i Tyrus: So segjer Herren, Herren: Av di at ditt hjarta ovmodar seg, og du segjer: «Eg er ein gud, i Guds høgsæte sit eg midt i havet,» og du er menneskje og ingen gud, endå du set ditt hjarta jamgodt med Guds hjartaSelect Ezekiel 28:2

3- sjå, visare enn Daniel er du; ingen løyndom kann dei dylja for deg;Select Ezekiel 28:3

4med din visdom og ditt vit hev du vunne deg rikdom og samla gull og sylv i dine skattkammer;Select Ezekiel 28:4

5med din store klokskap i handel hev du auka rikdomen din, og ditt hjarta ovmoda seg av din rikdom -Select Ezekiel 28:5

6difor, so segjer Herren, Herren: Av di du sette ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta,Select Ezekiel 28:6

7sjå, difor let eg framande koma yver deg, valdsmennerne millom folki, og dei skal draga ut sverdi sine mot din høgprude visdom og vanhelga di pryd.Select Ezekiel 28:7

8I gravi skal dei støypa deg ned, og du skal døy ihelslegen manns daude midt uti havet.Select Ezekiel 28:8

9Skal tru du då vil segja: «Eg er ein gud,» beint uppi syni på din banemann, endå du er eit menneskje og ingen gud i handi på din dråpsmann?Select Ezekiel 28:9

10Som u-umskorne døyr, so skal du døy for framandmanns hand; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 28:10

11Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 28:11

12Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus-kongen! Og du skal segja med honom; so segjer Herren, Herren: Du som var innsigle på den vel tilmåta bygnaden, full av visdom og fullkomen vænleik:Select Ezekiel 28:12

13I Eden, Guds hage, var, yverstrådd med dyre steinar av alle slag: Karneol, topas og demant, krysolit, onyks og jaspis, safir, karfunkel, smaragd og gull. Arbeid i drive metall og utskurd prydde deg. Det var laga den dagen du vart skapt.Select Ezekiel 28:13

14Du var ein veldug kerub som gav livd, og eg sette deg til å vera på Guds heilage fjell, millom logande steinar ferdast du.Select Ezekiel 28:14

15Ulastande var du på dine vegar frå den dagen du vart skapt, til dess urettvisa fanst hjå deg.Select Ezekiel 28:15

16Den store handelen din valda at du vart full av urett og tok til å synda. Då vanhelga eg deg, so du laut burt frå Guds fjell, og eg tynte deg, du livd-gjevande kerub, so du ikkje lenger fekk vera millom dei logande steinar.Select Ezekiel 28:16

17Ditt hjarta ovmoda seg av din vænleik, og du spillte din visdom for ditt glim. Til jordi kasta eg deg, framfor augo på kongar lagde eg deg, so dei kunde skoda deg.Select Ezekiel 28:17

18Med dine mange misgjerningar, med din urettferdige handel vanhelga du heilagdomarne dine. So let eg eld loga midt utor deg, han skal øyda deg, og eg gjer deg til oska på jordi framfor augo på alle som ser deg.Select Ezekiel 28:18

19Alle som kjende deg millom folkeslagi, er forfærde yver deg; ei skræma er du vorten, og du er ikkje til - i all æva.Select Ezekiel 28:19

20Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 28:20

21Menneskjeson! Vend di åsyn mot Sidon og spå imot det!Select Ezekiel 28:21

22Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg finna deg, Sidon, og eg vil syna meg herleg i deg. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg held dom yver det og helgar meg på det.Select Ezekiel 28:22

23Og eg vil senda inn i det sott og blod på gatorne. Og iheldslegne skal falla midt i det for sverd som kjem yver deim rundt ikring, og dei skal sanna at eg er Herren.Select Ezekiel 28:23

24Og det skal aldri meir vera for Israels-lyden ein stingande klunger eller svidande tistel av alle deira grannar som svivyrder deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.Select Ezekiel 28:24

25So segjer Herren, Herren: Når eg samlar Israels-lyden ifrå folki der som dei er spreidde, då vil eg helga meg på deim framfor augo på folkeslag, og dei skal bu i sitt land som eg gav min tenar Jakob.Select Ezekiel 28:25

26Og dei skal bu der i trygd og byggja hus og planta vinhagar, ja, dei skal bu i trygd, medan eg held dom yver alle deira grannar som vanvyrde deim. Og dei skal sanna at eg, Herren, er deira Gud.Select Ezekiel 28:26

Next: Ezekiel 29Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.