Skip to content
Church.wiki
Ezekiel

Ezekiel 34

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Ezekiel 34:1

2Menneskjeson! Spå mot Israels hyrdingar! Spå og seg med deim, med hyrdingarne: So segjer Herren, Herren: Usæle Israels hyrdingar som røktar seg sjølve! Er det ikkje hjordi hyrdingen skal røkta?Select Ezekiel 34:2

3Feita et de, og med ulli klæder de dykk, og det gjødde slagtar de; hjordi gjæter de ikkje.Select Ezekiel 34:3

4Det veike hev de ikkje styrkt, og det sjuke hev de ikkje lækt, det beinbrotne hev de ikkje bunde um, og det burtdrivne hev de ikkje sanka, og det burtkomne hev de ikkje leita upp, men de hev fare hardt fram mot deim og med vald.Select Ezekiel 34:4

5Og dei vart spreidde, av di dei var hyrdinglause, og dei vart til føda åt kvart villdyr på marki, og spreidde vart dei.Select Ezekiel 34:5

6Forvilla fer sauerne mine på alle fjell og på alle høge hamrar, og utyver alt landet er sauerne mine spreidde, og ingen spør etter deim, og ingen leitar.Select Ezekiel 34:6

7Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!Select Ezekiel 34:7

8So sant som eg liver, segjer Herren, sanneleg, etter di sauerne mine er vorte til eit ran, ja, sauerne mine er vortne til føda for åt kvart villdyr på marki, og hyrdingarne mine ikkje spurde etter sauerne mine, men hyrdingarne røkta seg sjølve og ikkje røkta sauerne mine -Select Ezekiel 34:8

9difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!Select Ezekiel 34:9

10So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna hyrdingarne og krevja sauerne mine av deira hand og taka frå deim gjætsla, so hyrdingarne ikkje lenger skal røkta seg sjølve. Og eg vil berga sauerne mine frå deira munn, so dei ikkje skal verta til føda åt deim.Select Ezekiel 34:10

11For so segjer Herren, Herren: Sjå, her er eg sjølv, og eg vil spyrja etter sauerne mine og sjå til deim.Select Ezekiel 34:11

12Likeins som ein hyrding ser til si hjord den dagen han er millom dei spreidde sauerne sine, soleis vil eg sjå til sauerne mine. Og eg vil berga deim frå alle stader der dei er spreidde på ein dag med skyer og myrkeskodda.Select Ezekiel 34:12

13Og eg vil føra deim ut ifrå folkeslagi og sanka deim ut or landi, og føra deim til deira eige land; og eg vil gjæta deim i Israelsfjelli, i dalarne og på alle bustader i landet.Select Ezekiel 34:13

14I ei god gjætslemark vil eg gjæta deim, og i Israels høge fjell skal deira hamning vera. Der skal dei roa seg i ei god hamning og ganga i feit beitemark i Israelsfjelli.Select Ezekiel 34:14

15Eg sjølv vil gjæta sauerne mine, og eg vil få deim til å roa seg, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 34:15

16Det burtkomne vil eg leita upp, og det burtdrivne vil eg sanka, og det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; rett vil eg røkta deim.Select Ezekiel 34:16

17Og de, sauerne mine - so segjer Herren, Herren -: Sjå, eg dømer millom sauer og sauer, millom verar og bukkar.Select Ezekiel 34:17

18Er det ikkje nok åt dykk å ganga i det beste beite, sidan de trakkar ned med føterne det som stend att på beitet dykkar? Er det ikkje nok at de drikk det klåraste vatnet, sidan de rotar upp med føterne det som er att?Select Ezekiel 34:18

19Og sauerne mine, dei lyt eta det som de hev trakka med føterne, og drikka det de hev rota upp med føterne.Select Ezekiel 34:19

20Difor, so segjer Herren, Herren med deim: Sjå, her er eg sjølv, og eg vil døma millom dei feite sauerne og dei magre sauerne.Select Ezekiel 34:20

21Etter di de trengjer alle dei veike undan med sida og bog og stangar deim med horni dykkar, til de fær spreidt deim og jaga deim av,Select Ezekiel 34:21

22so vil eg berga sauerne mine, og dei skal ikkje lenger vera til ran, og eg vil døma millom sauer og sauer.Select Ezekiel 34:22

23Og eg vil reisa upp ein einaste hyrding yver deim, og han skal gjæta deim, min tenar David. Han skal gjæta deim, og han skal vera deira hyrding.Select Ezekiel 34:23

24Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste millom deim. Eg, Herren, hev tala.Select Ezekiel 34:24

25Og eg vil gjera ei fredspakt med deim og rydja ut udyr or landet, so dei trygt kann bu i øydemarki og sova i skogarne.Select Ezekiel 34:25

26Og til ei velsigning vil eg gjera deim og landet rundt ikring min haug, eg vil lata det regna i rett tid, eit regn til velsigning skal det vera.Select Ezekiel 34:26

27Og trei på marki skal gjeva si frukt, og jordi skal gjeva si grøda, og dei skal hava det trygt i landet sitt. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengerne i oket deira, og frelsar deim frå deira hender som trælka deim.Select Ezekiel 34:27

28Og dei skal ikkje lenger vera eit ran for folki, og villdyri i landet skal ikkje eta deim upp. Men trygt skal dei bu, og ingen skal skræma deim.Select Ezekiel 34:28

29Og eg vil laga til ein namngjeten plantehage åt deim, og dei skal aldri meir verta burtrykte av hunger i landet, og aldri meir skal dei tola hæding frå heidningfolki.Select Ezekiel 34:29

30Og dei skal sanna at eg, Herren, deira Gud, er med deim, og at dei, Israels-lyden, er mitt folk, segjer Herren, Herren.Select Ezekiel 34:30

31Og de, sauerne mine, sauerne som eg beiter, menneskje er de. Eg er dykkar Gud segjer, Herren, Herren.Select Ezekiel 34:31

Next: Ezekiel 35Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Ezekiel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.