Ezekiel 8
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og det hende i det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennerne i Juda sat framfor mi åsyn, at Herrens, Herrens hand fall på meg der.Select Ezekiel 8:1
2Og eg såg, og sjå, ein skapnad, sjåande til som eld; frå det som var sjåande av lenderne hans og nedetter som eld, og frå hans lender og uppetter var det som ei glima, som sylvblanda gull.Select Ezekiel 8:2
3Og han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og åndi lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn til den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-bilætet stod, det som valda harm.Select Ezekiel 8:3
4Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, liksom den syni eg hadde set i dalen.Select Ezekiel 8:4
5Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Lyft augo dine nordetter!» Og eg lyfte augo nordetter, og sjå, nordanfor altarporten var dette harmings-bilætet attmed inngangen.Select Ezekiel 8:5
6Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Ser du kva dei gjer? Store styggjor er det som Israels-lyden gjer her, so eg lyt fara langt burt ifrå heilagdomen min. Men du skal få sjå store styggjor.»Select Ezekiel 8:6
7Og han let meg koma til inngangen åt fyregarden. Og eg såg, å sjå, det var eit hol i veggen.Select Ezekiel 8:7
8Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Brjot igjenom veggen!» Og eg braut meg igjenom veggen, og sjå, der var ei dør.Select Ezekiel 8:8
9Og han sagde med meg: «Gakk inn og sjå dei vonde styggjor som dei gjer der!»Select Ezekiel 8:9
10Og eg gjekk inn og såg, og sjå, der var alle slag bilæte av krek og firføtingar, styggedom, og alle dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, innrita på veggjerne rundt ikring.Select Ezekiel 8:10
11Og framfyre deim stod sytti mann, styresmennerne i Israels-lyden, og Ja’azanja Safansson stod midt imillom deim, og kvar og ein hadde eit røykjelseskjerald i handi, og det steig upp ange av røykjelseskyi.Select Ezekiel 8:11
12Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson, kva styresmennerne i Israels-lyden fer med i myrkret, kvar i sitt bilæt-rom? For dei segjer: «Herren ser oss ikkje; Herren hev vendt seg burt frå landet.»»Select Ezekiel 8:12
13Og han sagde med meg: «Du skal enn få sjå store styggjor som dei fer med.»Select Ezekiel 8:13
14Og han let meg koma åt inngangen til porten på Herrens hus, den som snur mot nord. Og sjå, der sat kvinnorne og gret for Tammus.Select Ezekiel 8:14
15Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson? Du skal enn få sjå styggjor, større enn desse.»Select Ezekiel 8:15
16Og han let meg koma i den indre fyregarden til Herrens hus. Og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner; dei snudde ryggen til Herrens tempel og andliti i aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.Select Ezekiel 8:16
17Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera dei styggjor dei her hev gjort, men måtte fylla landet med vald og atter harma meg upp? Og sjå kor dei no held kvisten upp for nosi!Select Ezekiel 8:17
18So vil då eg og fara fram i vreide; mitt auga skal ikkje spara, og miskunn gjer eg ikkje. Og um dei ropar for mine øyro med sterkt mål, so vil eg ikkje høyra deim.»Select Ezekiel 8:18
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain