Skip to content
Church.wiki
Galatians

Galatians 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Å, de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest?Select Galatians 3:1

2Berre det vil eg få vita av dykk: Fekk det Anden ved lovgjerningar eller ved å høyra trui forkynt?Select Galatians 3:2

3Er de so uvituge? De tok til i ånd; vil de no fullenda i kjøt?Select Galatians 3:3

4So mykje hev de røynt til unyttes? - um det då elles er til unyttes.Select Galatians 3:4

5Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved å forkynna trui?Select Galatians 3:5

6Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.Select Galatians 3:6

7Difor skal de vita, at dei som hev tru, dei er Abrahams born.Select Galatians 3:7

8Men Skrifti såg fyreåt at Gud vilde gjera heidningarne rettferdige ved tru, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: «I deg skal alle folkeslag verta velsigna.»Select Galatians 3:8

9So vert då dei som hev tru, velsigna med den truande Abraham.Select Galatians 3:9

10For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»Select Galatians 3:10

11Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynlegt; for «den rettferdige, ved tru skal han liva.»Select Galatians 3:11

12Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.»Select Galatians 3:12

13Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -Select Galatians 3:13

14so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningarne i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova.Select Galatians 3:14

15Brør! eg talar på menneskjevis. Ingen gjer då ei pakt av eit menneskje ugild eller legg noko til etter ho er stadfest.Select Galatians 3:15

16Men lovnaderne vart gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: «Og ættingarne» liksom um mange, men som um ein: «Og di ætt», og det er Kristus.Select Galatians 3:16

17Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes.Select Galatians 3:17

18For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad.Select Galatians 3:18

19Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand;Select Galatians 3:19

20men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.Select Galatians 3:20

21Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde magt til å gjera livande, so kom rettferdi verkeleg av lovi.Select Galatians 3:21

22Men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved tru på Jesus Kristus verta gjeve deim som trur.Select Galatians 3:22

23Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast.Select Galatians 3:23

24So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru.Select Galatians 3:24

25Men no, då trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren;Select Galatians 3:25

26for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus.Select Galatians 3:26

27For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus.Select Galatians 3:27

28Her er ikkje jøde eller grækar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus.Select Galatians 3:28

29Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.Select Galatians 3:29

Next: Galatians 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Galatians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.