Genesis 10
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Dette er dei ætterne som hev kome frå sønerne hans Noah, Sem og Kham og Jafet; dei fekk søner, etter storflodi hadde vore:Select Genesis 10:1
2Sønerne hans Jafet var Gomer og Magog og Madaj og Javan og Tubal og Mesek og Tiras.Select Genesis 10:2
3Og sønerne hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma.Select Genesis 10:3
4Og sønerne hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim.Select Genesis 10:4
5Frå deim hev folki på heidninge-øyarne greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine rike.Select Genesis 10:5
6Og sønerne hans Kham var Kusj og Misrajim og Put og Kana’an.Select Genesis 10:6
7Og sønerne hans Kusj var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønerne hans Raema var Sjeba og Dedan.Select Genesis 10:7
8Og Kusj hadde endå ein son, som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi.Select Genesis 10:8
9Han var ein gjæv veidemann i Herrens augo. Difor vert det sagt: «Ein gjæv veidemann i Herrens augo, som Nimrod.»Select Genesis 10:9
10Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinearlandet.Select Genesis 10:10
11Frå det landet for han til Assur, og bygde Nineve og Rehobot-Ir og KalahSelect Genesis 10:11
12og Resen millom Nineve og Kalah; dette er Storstaden.Select Genesis 10:12
13Og Misrajim vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharaneSelect Genesis 10:13
14og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane.Select Genesis 10:14
15Og Kana’an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til HetSelect Genesis 10:15
16og til jebusitarne og amoritarne og girgasitarneSelect Genesis 10:16
17og hevitarne og arkitarne og sinitarne,Select Genesis 10:17
18og arvaditarne og semaritarne og hamatitarne. Sidan breidde kananitarfolki seg vidare ut.Select Genesis 10:18
19Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.Select Genesis 10:19
20Dette er Khams-sønerne, med sine ætter og tungemål, i sine land og rike.Select Genesis 10:20
21Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-sønerne er ætta frå.Select Genesis 10:21
22Og sønerne hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.Select Genesis 10:22
23Og sønerne hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.Select Genesis 10:23
24Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.Select Genesis 10:24
25Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart jordi utbytt millom folki. Og bror hans heitte Joktan.Select Genesis 10:25
26Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og JarahSelect Genesis 10:26
27og Hadoram og Uzal og DiklaSelect Genesis 10:27
28og Obal og Abimael og SjebaSelect Genesis 10:28
29og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønerne hans Joktan.Select Genesis 10:29
30Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.Select Genesis 10:30
31Dette er sønerne hans Sem, med sine ætter og tungemål, i sine land og med sine rike.Select Genesis 10:31
32Dette var dei folki som hev kome frå sønerne hans Noah, etter sine ættgreiner, i sine rike. Og frå deim hev alle folkeslag greina seg ut yver jordi etter storflodi.Select Genesis 10:32
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation