Genesis 12
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg.Select Genesis 12:1
2Og eg vil gjera deg til eit stort folk, og velsigna deg, og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning!Select Genesis 12:2
3Og eg vil velsigna deim som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna; og i deg skal alle folk på jordi velsignast.»Select Genesis 12:3
4So tok Abram ut, som Herren hadde sagt honom fyre, og Lot var med honom. Og Abram var fem og sytti år gamall, då han flutte frå Kharan.Select Genesis 12:4
5Og Abram tok med seg Saraj, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Kharan, og dei tok ut og vilde fara til Kana’ans-land, og dei kom til Kana’ans-land.Select Genesis 12:5
6Og Abram for framigjenom landet, alt til Sikemsbygdi, til Spåmannseiki. Og kananitarne budde då der i landet.Select Genesis 12:6
7Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.Select Genesis 12:7
8Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel, og sette upp tjeldbudi si so han hadde Betel i vest og Aj i aust. Og der bygde han Herren eit altar, og kalla på Herren.Select Genesis 12:8
9Sidan muna Abram seg etter kvart framigjenom til sudlandet.Select Genesis 12:9
10So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland, og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.Select Genesis 12:10
11Då det leid so langt at dei mest var komne til Egyptarland, sagde han til Saraj, kona si: «Høyr no her du! Eg veit at du er ei fager kona.Select Genesis 12:11
12Og det kjem til å ganga so, at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: «Dette er kona hans,» og so slær dei meg i hel, men deg let dei liva.Select Genesis 12:12
13Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!»Select Genesis 12:13
14Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kona, og tykte ho var ovfager.Select Genesis 12:14
15Og hovdingarne åt Farao såg henne, og rosa henne for Farao. So vart kona henta til huset åt Farao.Select Genesis 12:15
16Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drengjer og gjentor og asenfyljor og kamelar.Select Genesis 12:16
17Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plågor for Saraj skuld, kona hans Abram.Select Genesis 12:17
18Og Farao kalla Abram til seg og sagde: «Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di?Select Genesis 12:18
19Kvi sagde du at ho var syster di, so eg tok henne og vilde havt henne til kona? Sjå der hev du kona di! Tak henne og far din veg!»Select Genesis 12:19
20Og Farao sette nokre menner til å fylgja honom ut or landet med kona hans og alt det han åtte.Select Genesis 12:20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation