Genesis 14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge yver heidningarne,Select Genesis 14:1
2då hende det at det vart ufred millom dei kongarne og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, som no heiter Soar.Select Genesis 14:2
3Alle desse slo seg i hop og lagde vegen til Siddimdalen, der som Saltsjøen er no.Select Genesis 14:3
4Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå honom.Select Genesis 14:4
5Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, og slo under seg refa’itarne i Asterot-Karnajim og zuzitarne i Ham og emitarne på KirjatajimslettaSelect Genesis 14:5
6og horitarne på fjelli deira, Se’irfjelli, alt til Paranlunden, som er utmed øydemarki.Select Genesis 14:6
7So snudde dei um, og kom til Domskjelda, der som Kades ligg, og lagde under seg alt Amalekitarlandet og amoritarne med, dei som budde i Haseson-Tamar.Select Genesis 14:7
8Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebojim og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut, og fylkte heren sin imot deim i Siddimdalen,Select Genesis 14:8
9mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver heidningarne, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.Select Genesis 14:9
10Men i Siddimdalen var det fullt av jordbikgrover. Og kongarne i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i groverne; og dei som att var, rømde til fjells.Select Genesis 14:10
11Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira, og drog burt.Select Genesis 14:11
12Og dei tok Lot, brorson hans Abram, og godset hans og drog av med; for han budde i Sodoma.Select Genesis 14:12
13Men ein av deim som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebræaren, som budde i eikelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram.Select Genesis 14:13
14Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan.Select Genesis 14:14
15Der bytte han sund flokken sin, og tok på deim um natti med sveinarne sine, og han vann yver deim, og elte deim radt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus.Select Genesis 14:15
16So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, og kvendi og hitt folket med.Select Genesis 14:16
17Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, kom kongen i Sodoma imot honom til Flatedal, der som no heiter Kongsdalen.Select Genesis 14:17
18Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste.Select Genesis 14:18
19Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram!Select Genesis 14:19
20Gud den Høgste vere lova! I di hand gav han din fiend.» Og Abram gav honom tiend av alt.Select Genesis 14:20
21Og kongen i Sodoma sagde med Abram: «Gjev meg folket, og tak du godset!»Select Genesis 14:21
22Då sagde Abram med kongen i Sodoma: «Eg retter upp handi til Herren, Gud den Høgste, han som eig himmel og jord:Select Genesis 14:22
23Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: «Eg gjorde Abram rik.»Select Genesis 14:23
24Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinarne hev ete, og den luten som fell på dei mennerne som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat deim få sin lut!»Select Genesis 14:24
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation