Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 2

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.Select Genesis 2:1

2Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort.Select Genesis 2:2

3Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte.Select Genesis 2:3

4Dette er soga um himmelen og jordi, då dei vart skapte. Den tid Herren Gud gjorde jord og himmel,Select Genesis 2:4

5då fanst det endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki.Select Genesis 2:5

6Då steig det upp eim or jordi, og dogga all marki.Select Genesis 2:6

7Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki, og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk ånd og liv.Select Genesis 2:7

8Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt.Select Genesis 2:8

9Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt.Select Genesis 2:9

10Og det gjeng ei elv ut ifrå Eden. Ho vatnar hagen, og sidan kløyver ho seg i fire greiner.Select Genesis 2:10

11Den fyrste heiter Pison. Det er den som renn kringum heile Havilalandet, der som det er gull.Select Genesis 2:11

12Og gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolahkvåda og sjohamsteinen.Select Genesis 2:12

13Og den andre elvi heitte Gihon; det er den som renn kringum heile Kusjland.Select Genesis 2:13

14Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng framanfor Assur. Og den fjorde elvi, det er Frat.Select Genesis 2:14

15Og Herren Gud tok mannen og sette honom i Eden til å dyrka og varna hagen.Select Genesis 2:15

16Og Herren Gud sagde mannen fyre og baud: «Du må gjerne eta av alle trei i hagen.Select Genesis 2:16

17Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.»Select Genesis 2:17

18Og Herren Gud sagde: «Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva honom ei hjelp som høver for honom.»Select Genesis 2:18

19Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.Select Genesis 2:19

20Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglarne i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg.Select Genesis 2:20

21Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans, og fyllte atter med kjøt.Select Genesis 2:21

22Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom.Select Genesis 2:22

23Då sagde mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.»Select Genesis 2:23

24Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal verta eitt kjøt.Select Genesis 2:24

25Og dei var nakne, både mannen og kona hans, og blygdest ikkje.Select Genesis 2:25

Next: Genesis 3Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.