Genesis 21
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren såg til Sara, som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova.Select Genesis 21:1
2Og Sara vart med barn, og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt.Select Genesis 21:2
3Og Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak.Select Genesis 21:3
4Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamall, som Gud hadde sagt honom fyre.Select Genesis 21:4
5Abraham var hundrad år gamall, då Isak, son hans, kom til verdi.Select Genesis 21:5
6Og Sara sagde: «Gud hev laga det, so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg.Select Genesis 21:6
7Kven skulde vel tenkt seg og sagt det med Abraham, at Sara skulde leggja eit barn til brjostet?» sagde ho, «og no på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!»Select Genesis 21:7
8Og sveinen voks upp, og ho vande honom av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand.Select Genesis 21:8
9Og Sara såg at son åt Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, ståka og log.Select Genesis 21:9
10Då sagde ho med Abraham: «Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal son åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.»Select Genesis 21:10
11Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld.Select Genesis 21:11
12Men Gud sagde til Abraham: «Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt ho segjer til deg. For etter Isak skal ætti di heita.Select Genesis 21:12
13Og sonen åt terna vil eg og gjera til eit heilt folk, etter di han er ditt barn.»Select Genesis 21:13
14Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og tok fram brød og ei hit med vatn; det gav han Hagar, og lagde det på herdarne hennar; og han let henne få sveinen, og bad henne fara. So gjekk ho sin veg, og vingla umkring i Be’erseba-heidi.Select Genesis 21:14
15Og vatnet traut i hiti. Då lagde ho sveinen ned under ein runne,Select Genesis 21:15
16og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. «Eg vil ikkje sjå på at sveinen døyr,» tenkte ho; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret.Select Genesis 21:16
17Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sagde til henne: «Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud høyrde sveinen øya seg der han er.Select Genesis 21:17
18Reis deg, lyft sveinen upp, og haldt honom fast i handi; eg vil gjera honom til eit stort folk.»Select Genesis 21:18
19Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit, og fyllte hiti med vatn, og gav sveinen drikka.Select Genesis 21:19
20Og Gud var med sveinen, og han voks upp, og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar.Select Genesis 21:20
21Han slo seg ned i Paranheidi, og mor hans fann ei kona åt honom frå Egyptarland.Select Genesis 21:21
22I same tidi hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sagde med Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.Select Genesis 21:22
23So sver meg no her ved Gud, at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og barneborni mine: liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.»Select Genesis 21:23
24Og Abraham sagde: «Ja, det skal eg sverja på!»Select Genesis 21:24
25Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver den brunnen som drengjerne hans Abimelek hadde rana til seg.Select Genesis 21:25
26Då sagde Abimelek: «Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og ikkje hev eg høyrt det heller fyrr no i dag.»Select Genesis 21:26
27So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom.Select Genesis 21:27
28Og Abraham sette sju gimberlamb av fenaden for seg sjølve.Select Genesis 21:28
29Då sagde Abimelek med Abraham: «Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?»Select Genesis 21:29
30«Desse sju lambi skal du hava av meg,» svara han; «det skal vera til vitnemål for meg, at eg hev grave denne brunnen.»Select Genesis 21:30
31Difor kalla dei den staden Be’erseba. For der gjorde dei båe eiden.Select Genesis 21:31
32So gjorde dei då ei semja i Be’erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet.Select Genesis 21:32
33Og Abraham sette ei tamariska i Be’erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud.Select Genesis 21:33
34Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.Select Genesis 21:34
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain