Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 24

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Abraham var gamall og langt uti åri. Men Herren hadde velsigna honom i eitt og alt.Select Genesis 24:1

2Og Abraham sagde med tenaren sin, han som var den eldste i huset og rådde yver alt det han åtte: «Kjære deg, legg handi di i fanget mitt,Select Genesis 24:2

3so vil eg taka ein eid av deg ved Herren, som er Gud i himmelen og Gud på jordi, at du ikkje skal lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana’ans-folket, som eg bur i lag med;Select Genesis 24:3

4men til heimlandet mitt og til mitt eige folk skal du fara og festa ei kona åt Isak, son min.»Select Genesis 24:4

5Då sagde tenaren med honom: «Men um no ikkje ho vil fylgja meg hit til dette landet, skal eg då taka son din attende til det landet som du er komen ifrå?»Select Genesis 24:5

6Og Abraham svara: «Vara deg, so du ikkje fer dit att med son min!Select Genesis 24:6

7Herren, Gud i himmelen, som tok meg ut or farshuset mitt og fødesheimen min, og som tala til meg, og svor meg til og sagde: «Di ætt vil eg gjeva dette landet» - han skal senda sin engel fyre deg, so du der finn ei kona åt son min.Select Genesis 24:7

8Men vil ikkje ho fylgja deg, so skal du vera løyst ifrå eiden, berre far ikkje dit att med son min!»Select Genesis 24:8

9Då lagde tenaren handi si i fanget åt Abraham, husbonden sin, og svor honom eiden på dette.Select Genesis 24:9

10So tok tenaren ti kamelar, av deim som husbonden hans åtte, og for av garde, og med seg hadde han alle slag gilde ting, som høyrde husbonden hans til; og han tok ut, og for til Mesopotamia, til byen hans Nahor.Select Genesis 24:10

11Og han let kamelarne leggja seg ned utanfor byen, innmed vatsbrunnen; det var i kveldingi, det bilet då kvendi plar koma ut og henta vatn.Select Genesis 24:11

12Og han sagde: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, å, lat det laga seg godt for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min!Select Genesis 24:12

13Sjå, no stend eg her innmed vatskjelda, medan døtterne åt bymennerne kjem ut etter vatn.Select Genesis 24:13

14Lat det då vera so, at den møyi som eg segjer dette med: «Kjære væne, halla på krukka di, og lat meg få drikka!» og som svarar: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka!» - at ho er den du hev etla åt Isak, tenaren din, og på det skal eg skyna at du vil gjera vel mot husbonden min!»Select Genesis 24:14

15Og sjå: fyrr han hadde tala til endes, bar det so til at Rebekka, dotter hans Betuel, son åt Milka og Nahor, bror hans Abraham, kom ut, med krukka si på oksli.Select Genesis 24:15

16Det var ei ovvæn gjenta, ei ungmøy, som ingen kar hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, og fyllte krukka si, og kom upp att.Select Genesis 24:16

17Då sprang tenaren imot henne og sagde: «Kjære væne, lat meg få drikka litt vatn av krukka di!»Select Genesis 24:17

18Og ho sagde: «Drikk, gode herre!» og ho skunda seg og tok krukka si ned i handi og gav honom drikka.Select Genesis 24:18

19Og då han hadde drukke seg utyrst, sagde ho: «No skal eg henta vatn åt kamelarne dine og, til dei fær nøgdi si.»Select Genesis 24:19

20So nøytte ho seg og tømde krukka i troi, og sprang so burt til brunnen att etter vatn, og ho brynnte alle kamelarne hans.Select Genesis 24:20

21Og mannen stirde på henne og tagde; han vilde sjå, um Herren let ferdi hans lukkast, eller ikkje.Select Genesis 24:21

22Då so kamelarne hadde drukke, tok mannen fram ein gullring, som vog ein halvt lodd, og tvo gullband, som ho skulde hava kring armarne; dei vog ti lodd.Select Genesis 24:22

23Og han sagde: «Kven er du dotter åt? Kjære deg, seg meg det! Hev far din rom til å hysa oss i natt?»Select Genesis 24:23

24Og ho svara: «Eg er dotter hans Betuel, son åt Nahor og Milka.Select Genesis 24:24

25Me hev fullt upp både av halm og for,» sagde ho til honom, «og husrom for dykk hev me og.»Select Genesis 24:25

26Då lagde mannen seg på kne, og takka Herren og sagde:Select Genesis 24:26

27«Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min! Han hev ikkje gløymt sin nåde og truskap mot husbonden min. Herren hev leidt meg rette vegen fram til brorfolket åt husbonden min!»Select Genesis 24:27

28Men møyi sprang heim til mor si og fortalde alt dette.Select Genesis 24:28

29Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Og Laban sprang ut til kjelda, til mannen:Select Genesis 24:29

30då han fekk sjå ringen og gullbandi som syster hans hadde kring armarne, og då han høyrde Rebekka, syster hans, sagde: «Det og det sagde mannen med meg,» so gjekk han og vilde finna mannen, og sjå: der stod han hjå kamelarne attmed kjelda.Select Genesis 24:30

31Då sagde han: «Kom inn, du som Herren hev velsigna so rikleg! Kvi stend du her ute? Og eg hev skipa i huset og stelt til rom åt kamelarne!»Select Genesis 24:31

32So gjekk mannen inn i huset, og klyvja av kamelarne; og hin kom med halm og for åt kamelarne, og med vatn åt honom og deim som var med honom, til å två føterne i.Select Genesis 24:32

33Og dei sette fram mat åt honom; men han sagde: «Eg vil ikkje eta fyrr eg hev bore upp målemnet mitt.» «Seg fram!» sagde hin.Select Genesis 24:33

34Då sagde han: «Eg er tenaren hans Abraham.Select Genesis 24:34

35Herren hev storleg velsigna husbonden min, so han hev vorte rik; han hev gjeve honom sauer og naut, og sylv og gull, og drengjer og gjentor, og kamelar og asen.Select Genesis 24:35

36Og Sara, kona åt husbonden min, åtte ein son på sine gamle dagar; honom hev han gjeve alt det han eig.Select Genesis 24:36

37Og husbonden min tok ein eid av meg og sagde: «Du skal ikkje lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana’ans-folket, som eg bur i lag med.Select Genesis 24:37

38Men til farshuset mitt skal du fara, og til mi eigi ætt, og festa ei kona åt son min.»Select Genesis 24:38

39Då sagde eg til husbonden min: «Men um no ikkje ho vil fylgja meg?»Select Genesis 24:39

40Og han sagde med meg: «For Herrens åsyn hev eg ferdast; han skal senda sin engel med deg og lata ferdi di lukkast, so du finn ei kona åt son min av mi eigi ætt og i farshuset mitt.Select Genesis 24:40

41Då skal du vera løyst ifrå eiden, når du kjem til mi eigi ætt; og vil dei ikkje gjeva deg henne, so er du og løyst ifrå eiden.»Select Genesis 24:41

42So kom eg då i dag til kjelda, og eg sagde: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min! Å vilde du lata ferdi mi lukkast for meg!Select Genesis 24:42

43Sjå no stend eg her innmed vatskjelda; lat det då vera so: når det kjem ei møy ut etter vatn, og eg segjer med henne: «Kjære væne, lat meg få drikka litt vatn av krukka di,»Select Genesis 24:43

44og ho då segjer med meg: «Drikk du, og til kamelarne dine skal eg og henta vatn,» so er ho det vivet som Herren hev etla åt son til husbonden min.»Select Genesis 24:44

45Fyrr eg fekk sagt alt det eg hadde på hjarta, sjå, då kom Rebekka ut, med krukka si på oksli, og ho gjekk ned til kjelda og auste upp vatn. Og eg sagde med henne: «Kjære væne, lat meg få drikka!»Select Genesis 24:45

46Då skunda ho seg og tok krukka si ned av oksli, og sagde: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka.» So drakk eg, og kamelarne gav ho og vatn.Select Genesis 24:46

47Og eg spurde henne: «Kven er du dotter åt?» «Dotter hans Betuel, son åt Nahor og Milka,» sagde ho. Då sette eg ringen i nosi hennar, og gullbandi på armarne hennar.Select Genesis 24:47

48Og eg lagde meg på kne og takka Herren, og eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, for di han hadde styrt meg på rette vegen til å finna brordotter åt husbonden min for son hans.Select Genesis 24:48

49Vil de no vera snilde og trugne mot husbonden min, so seg meg det, og vil de ikkje, so seg meg det, so eg kann venda meg på ei onnor leid!»Select Genesis 24:49

50Då svara Laban og Betuel og sagde: «Dette kjem frå Herren! Me kann ingen ting segja deg, korkje vondt eller godt.Select Genesis 24:50

51Sjå her hev du Rebekka! Tak henne og far heim att, og lat son åt husbonden din få henne til kona, som Herren hev sagt.»Select Genesis 24:51

52Då tenaren hans Abraham høyrde dei ordi, lagde han seg å gruve og takka Herren.Select Genesis 24:52

53Og tenaren tok fram sylvty og gullty og væne klæde og gav Rebekka, og mor hennar og bror hennar gav han og gode gåvor.Select Genesis 24:53

54So åt dei og drakk, han og dei mennerne som var med honom, og dei var der um natti. Men då dei reis upp um morgonen, sagde han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!»Select Genesis 24:54

55Då sagde bror hennar og mor hennar: «Lat møyi få drygja eit bil hjå oss, ei åtte ti dagar; sidan kann du fara!»Select Genesis 24:55

56Men han sagde med deim: «Heft meg ikkje, no Herren hev late ferdi mi lukkast! Lat meg få taka i vegen og fara heim att til husbonden min!»Select Genesis 24:56

57Då sagde dei: «Me skal ropa på møyi og spyrja henne sjølv!»Select Genesis 24:57

58So ropa dei på Rebekka og sagde med henne: «Vil du fara med denne mannen?» «Ja, det vil eg,» sagde ho.Select Genesis 24:58

59So bad dei vel fara med Rebekka, syster si, og fostermor hennar, og med tenaren hans Abraham og mennerne hans.Select Genesis 24:59

60Og dei velsigna Rebekka og sagde med henne: «Du syster vår, måtte du verta til tusund gonger titusund. Og måtte ætti di borgern’ ifrå sine uvener taka!»Select Genesis 24:60

61Og Rebekka og møyarne hennar ferda seg til, og steig på kamelarne, og fylgde mannen. Og tenaren tok Rebekka med seg og for av garde.Select Genesis 24:61

62Isak var nyst heimkomen: han hadde vore burt til «Kjelda åt den som liver, og ser meg»; for han budde i Sudlandet.Select Genesis 24:62

63Og Isak gjekk ute på marki og lengta, medan det for til å kvelda. Og då han såg upp og skoda kring seg, sjå, då kom der kamelar.Select Genesis 24:63

64Og Rebekka såg upp, og gådde Isak. Då sprang ho ned av kamelen,Select Genesis 24:64

65og sagde til tenaren: «Kven er denne mannen som kjem imot oss på marki?» «Det er husbonden min,» sagde tenaren. Då tok ho sløret og hadde attfor andlitet.Select Genesis 24:65

66So fortalde tenaren Isak alt det han hadde gjort.Select Genesis 24:66

67Og Isak leidde henne inn i den tjeldbudi som Sara, mor hans, hadde havt, og tok Rebekka heim til seg, og ho vart kona hans, og han heldt henne kjær. So fekk Isak trøyst i sorgi yver mor si.Select Genesis 24:67

Next: Genesis 25Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.