Genesis 31
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So fekk han høyra at sønerne hans Laban hadde sagt: «Jakob hev teke alt det som far vår åtte, og av det som far vår åtte, hev han lagt seg til all denne rikdomen.»Select Genesis 31:1
2Og Jakob såg på andlitet hans Laban at han var ikkje den same mot honom som han hadde vore.Select Genesis 31:2
3Og Herren sagde til Jakob: «Far attende til landet åt federne dine og til ditt eige folk, og eg skal vera med deg.»Select Genesis 31:3
4Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad deim koma ut på marki, til buskapen hans.Select Genesis 31:4
5Og han sagde med deim: «Eg ser på andlitet åt far dykkar at han er ikkje den same mot meg som fyrr. Men Gud åt far min hev vore med meg.Select Genesis 31:5
6Og de veit at eg hev tent far dykkar det beste eg vann.Select Genesis 31:6
7Og far dykkar hev svike meg og brigda um att løni mi dei ti gongerne. Men Gud let honom ikkje få lov til å gjera meg nokon skade.Select Genesis 31:7
8Når han sagde so: «Dei droplute skal vera løni di,» so fekk alt småfeet droplute ungar; og når han sagde so: «Dei salute skal vera løni di,» so fekk alt småfeet salute ungar.Select Genesis 31:8
9Soleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.Select Genesis 31:9
10Og ved det leitet då småfeet flaug, drøymde eg at eg let upp augo og såg ikring meg, og sjå, då var bukkarne som sprang på småfeet, salute og droplute og skjengjute.Select Genesis 31:10
11Og Guds engel sagde til meg i draume: «Jakob!» og eg svara: «Ja, her er eg.»Select Genesis 31:11
12Då sagde han: «Lat upp augo, so skal du få sjå at alle bukkarne som spring på småfeet, er salute og droplute og skjengjute. For eg hev set korleis Laban fer åt mot deg.Select Genesis 31:12
13Eg er din Gud frå Betel, der som du salva steinen, der som du gjorde meg ein lovnad. Gjer deg no reidug og far ut or dette landet og attende til fødesheimen din!»»Select Genesis 31:13
14Då svara Rakel og Lea og sagde med honom: «Hev då me endå nokon lut og arv i huset åt far vår?Select Genesis 31:14
15Hev ikkje han rekna oss for framande? Han hev selt oss, og longe øydt upp det han fekk for oss.Select Genesis 31:15
16All rikdomen som Gud hev teke frå far vår, høyrer oss og borni våre til. Gjer no berre du alt det som Gud hev sagt til deg!»Select Genesis 31:16
17So budde Jakob seg til ferdi, og sette borni og konorne sine på kamelarne.Select Genesis 31:17
18Og han tok med seg alt bufeet sitt og alt godset som han hadde samla seg, det feet som han åtte og hadde ale seg til i Mesopotamia, og vilde fara til Isak, far sin, i Kana’ans-land.Select Genesis 31:18
19Laban hadde gjenge av og skulde klyppa sauerne sine. Då stal Rakel med seg husgudarne som far hennar hadde.Select Genesis 31:19
20Og Jakob stal seg burt ifrå Laban, aramæaren, og gat ikkje noko um at han vilde fara sin veg.Select Genesis 31:20
21Han tok ut med alt det han åtte, og gav seg på vegen, og sette yver elvi, og tok leidi mot Gileadfjellet.Select Genesis 31:21
22Tridje dagen etter fekk Laban vita at Jakob hadde stroke sin veg.Select Genesis 31:22
23Då tok han med seg skyldfolki sine, og sette etter honom sju dagsleider, og nådde honom att på Gileadfjellet.Select Genesis 31:23
24Men Gud kom til Laban, aramæaren, i draume um natti, og sagde til honom: «Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!»Select Genesis 31:24
25Då Laban nådde att Jakob, hadde Jakob sett upp tjeldbudi si på fjellet; og Laban og skyldfolki hans sette og upp budi si på Gileadfjellet.Select Genesis 31:25
26Og Laban sagde med Jakob: «Kva tyder det at du hev stole deg burt ifrå meg og drege døtterne mine av garde, som dei var hertekne?Select Genesis 31:26
27Kvi løynde du deg av, og stal deg burt ifrå meg? Kvi sagde du det ikkje med meg, so eg kunde fylgt deg på vegen med glederop og song og trummor og harpor?Select Genesis 31:27
28Du let meg ikkje ein gong få kyssa borni og døtterne mine. Dette var uvisleg gjort av deg!Select Genesis 31:28
29Eg hev det i mi magt å gjera dykk ilt. Men Gud åt far dykkar sagde til meg i natt: «Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!»Select Genesis 31:29
30Men var det no so at du laut taka ut, av di du lengta so sårt etter fødesheimen din, kvi stal du då gudarne mine?»Select Genesis 31:30
31Då svara Jakob og sagde med Laban: «Eg var rædd; eg tenkte du kunde taka døtterne dine frå meg med hardom.Select Genesis 31:31
32Men den som du finn gudarne dine hjå, han skal ikkje liva. Sjå no etter, og lat skyldfolki våre vera vitne, um du kannast med noko av det eg hev med meg, og tak det so til deg!» Men Jakob visste ikkje at Rakel hadde teke deim.Select Genesis 31:32
33Og Laban gjekk inn i budi hans Jakob og i budi hennar Lea og i budi åt båe ternorne, men fann ikkje noko. So gjekk han ut or budi hennar Lea, og inn i budi hennar Rakel.Select Genesis 31:33
34Men Rakel hadde teke husgudarne, og lagt deim under klyvsalen, og sett seg på deim. Og Laban rannsaka heile budi, men fann ikkje noko.Select Genesis 31:34
35Og ho sagde med far sin: «Far må ikkje vera vond, for di eg ikkje kann reisa meg upp for honom! For det er so med meg no som stundom plar vera med kvendi.» Og han leita både høgt og lågt, men fann ikkje husgudarne.Select Genesis 31:35
36Då vart Jakob harm, og skjemde på Laban. Og Jakob tok til ords og sagde med Laban: «Kva hev eg forbrote? kva vondt hev eg gjort, sidan du elter meg so?Select Genesis 31:36
37Då du rannsaka alt det eg hev, kva fann du då som høyrer huset ditt til? Legg det fram her og lat mine og dine skyldfolk få sjå det, so dei kann døma millom oss tvo!Select Genesis 31:37
38No hev eg vore hjå deg i tjuge år: Søyorne og geiterne dine hev aldri kasta, og verarne i fenaden din hev eg ikkje ete upp.Select Genesis 31:38
39Det som var ihelrive, kom eg ikkje heim til deg med. Sjølv bøtte eg skaden. Av meg kravde du det, anten det var stole um dagen eller um natti.Select Genesis 31:39
40Um dagen vilde hiten tyna meg, og kulden um natti, og eg fekk ikkje svevn på augo.Select Genesis 31:40
41Tjuge år er det no eg hev vore hjå deg; fjortan år hev eg tent for båe døtterne dine, og seks år for fenaden din; men du brigda um att løni mi dei ti gongerne.Select Genesis 31:41
42Hadde ikkje Gud åt far min, han som var Gud åt Abraham, og som Isak ber age for, hadde ikkje han vore med meg, so hadde du visst no sendt meg burt med tvo hender tome. Men Gud såg mi møda og alt mitt slæp, og han jamna det for meg i natt.»Select Genesis 31:42
43Då svara Laban og sagde med Jakob: «Det er mine døtter, og mine born, og min buskap, og mitt alt du ser. Kva skulde eg då no gjera desse døtterne mine eller borni deira, som dei hev født til verdi?Select Genesis 31:43
44So kom no og lat oss gjera ei semja, eg og du, og den skal vera til vitnemål millom meg og deg!»Select Genesis 31:44
45So tok Jakob ein stein og reiste honom upp til eit merke.Select Genesis 31:45
46Og Jakob sagde med skyldfolki sine: «Sanka i hop stein!» So fann dei seg steinar, og bygde ein varde, og sette seg og åt der, innmed varden.Select Genesis 31:46
47Og Laban kalla varden Jegar Sahaduta, og Jakob kalla honom Gal’ed.Select Genesis 31:47
48Og Laban sagde: «No er denne varden vitne millom meg og deg.» Difor kalla dei honom Gal’ed,Select Genesis 31:48
49og Mispa, «av di,» sagde han, «Herren skal halde vakt millom meg og deg, når me hev kome einannan or syne.Select Genesis 31:49
50Fer du ille med døtterne mine, eller tek du deg andre konor attåt døtterne mine, då er det fulla ingen mann innmed oss, men kom i hug det: Gud er vitne millom meg og deg.»Select Genesis 31:50
51Og Laban sagde med Jakob: «Sjå, denne varden og denne merkesteinen, som eg hev reist millom meg og deg -Select Genesis 31:51
52vitne skal dei vera, både varden og merkesteinen, at ikkje skal eg fara framum denne varden, burt til deg, og ikkje skal du fara hitum denne varden og denne merkesteinen, heim til meg, på det som vondt er.Select Genesis 31:52
53Gud åt Abraham og Gud åt Nahor døme millom oss, han som var Gud åt far deira!» So svor Jakob ved honom som Isak, far hans, bar age for.Select Genesis 31:53
54Og Jakob ofra eit slagtoffer på fjellet, og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med honom, og var på fjellet um natti.Select Genesis 31:54
55Um morgonen tidleg reis Laban upp, og kysste barneborni og døtterne sine, og velsigna deim. So tok Laban ut, og for heim att til seg.Select Genesis 31:55
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation