Genesis 36
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Dette er ætti hans Esau eller Edom:Select Genesis 36:1
2Esau tok seg konor av Kana’ans-folket: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Åhålibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon, heviten,Select Genesis 36:2
3og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot.Select Genesis 36:3
4Og Esau fekk med Ada sonen Elifaz, og med Basmat sonen Re’uel.Select Genesis 36:4
5Og med Åhålibama fekk han sønerne Je’us og Jalam og Korah. Dette var sønerne hans Esau, som han fekk i Kana’ans-land.Select Genesis 36:5
6Og Esau tok konorne sine og sønerne og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle klyvdyri sine og alt godset sitt, som han hadde sanka i Kana’ans-land, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land.Select Genesis 36:6
7For dei åtte so mykje fe, at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda deim, so stor var buskapen deira.Select Genesis 36:7
8So sette Esau seg ned i Se’irfjelli; Esau, det er den same som Edom.Select Genesis 36:8
9Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se’irfjelli:Select Genesis 36:9
10Dette er namni på sønerne hans Esau: Elifaz, son åt Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son åt Basmat, kona hans Esau.Select Genesis 36:10
11Og sønerne hans Elifaz var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenaz.Select Genesis 36:11
12Og Elifaz, son hans Esau, hadde ei fylgjekona som heitte Timna. Med henne fekk Elifaz sonen Amalek. Dette var sønerne hennar Ada, kona hans Esau.Select Genesis 36:12
13Og dette er sønerne hans Re’uel: Nahat og Zerah, Samma og Mizza. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.Select Genesis 36:13
14Og dette er sønerne åt Åhålibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønerne Je’us og Jalam og Korah.Select Genesis 36:14
15Dette er jarlarne åt Esau-folket: Sønerne åt Elifaz, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenaz-jarlen,Select Genesis 36:15
16Korah-jarlen, Gatam-jarlen, Amalek-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Elifaz i Edomlandet. Dette var sønerne åt Ada.Select Genesis 36:16
17Og dette er sønerne hans Re’uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Zerah-jarlen, Samma-jarlen, Mizza-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Re’uel i Edomlandet. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.Select Genesis 36:17
18Og dette er sønerne åt Åhålibama, kona hans Esau: Je’us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Åhålibama Anasdotter, kona hans Esau.Select Genesis 36:18
19Dette var Esaus-sønerne, og dette var jarlarne deira. Dette var Edom-folket.Select Genesis 36:19
20Dette er sønerne åt Se’ir, horiten, som hadde bygt landet: Lotan og Sobal og Sibeon og AnaSelect Genesis 36:20
21og Dison og Eser og Disan. Det var jarlarne åt horitarne, Se’ir-folket i Edomlandet.Select Genesis 36:21
22Og sønerne hans Lotan var Hori og Hemam, og syster hans Lotan var Timna.Select Genesis 36:22
23Og dette er sønerne hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam.Select Genesis 36:23
24Og dette er sønerne hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldorne i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin.Select Genesis 36:24
25Og dette er borni hans Ana: Dison og Åhålibama Anasdotter.Select Genesis 36:25
26Og dette er sønerne hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran.Select Genesis 36:26
27Dette er sønerne hans Eser: Bilhan og Za’avan og Akan.Select Genesis 36:27
28Dette er sønerne hans Dison: Us og Aran.Select Genesis 36:28
29Dette er jarlarne åt horitarne: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen,Select Genesis 36:29
30Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlarne åt horitarne, fylkeshovdingarne deira, i Se’irlandet.Select Genesis 36:30
31Og dette er dei kongarne som rådde yver Edomlandet, fyrr det rådde nokon konge yver Israels-folket.Select Genesis 36:31
32Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba.Select Genesis 36:32
33Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah, frå Bosra, vart konge i staden hans.Select Genesis 36:33
34Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitarlandet vart konge i staden hans.Select Genesis 36:34
35Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midjanitarne på Moabmoen. Og byen hans heitte Avit.Select Genesis 36:35
36Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans.Select Genesis 36:36
37Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed åi vart konge i staden hans.Select Genesis 36:37
38Og Saul døydde, og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans.Select Genesis 36:38
39Og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa’u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mezahab.Select Genesis 36:39
40Og dette er jarlarne av Esau-ætti, etter sine ætter, i sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen,Select Genesis 36:40
41Åhålibama-jarlen, Ela-jarlen, Pinon-jarlen,Select Genesis 36:41
42Kenaz-jarlen, Teman-jarlen, Mibsar-jarlen,Select Genesis 36:42
43Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlarne i Edom, etter bustaderne sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.Select Genesis 36:43
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain