Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 39

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Josef, han vart førd ned til Egyptarland, og Potifar, ein egyptar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti, kjøpte honom av ismaelitarne, som hadde ført honom dit.Select Genesis 39:1

2Men Herren var med Josef, so han vart ein mann som alt gjekk vel for. Han vart verande hjå husbonden sin, egyptaren,Select Genesis 39:2

3og då husbonden hans såg at Herren var med honom og let alt han gjorde, lukkast for honom,Select Genesis 39:3

4so vart Josef både gjæv og gild i hans augo, og laut ganga honom til handa; og han sette honom til å styra huset sitt, og alt han åtte, lagde han i hans hender.Select Genesis 39:4

5Og alt ifrå den tid han hadde sett honom yver huset sitt og yver alt det han åtte, so velsigna Herren huset åt egyptaren for Josef skuld; det fylgde ei Herrens velsigning med alt det han åtte, både i hus og på mark.Select Genesis 39:5

6So let han då Josef råda yver alt det han åtte, og såg ikkje etter med honom i nokon ting, anna berre åt og drakk. Josef var både velvaksen og væn.Select Genesis 39:6

7Og det hende, då det leid um ei tid, at kona åt husbonden hans kasta augo på Josef og sagde: «Kom og ligg med meg!»Select Genesis 39:7

8Men han bar seg undan, og sagde med kona åt husbonden sin: «Sjå, husbonden min ser ikkje etter med meg i nokon ting i heile huset; alt han eig, hev han lagt i mine hender.Select Genesis 39:8

9Han hev ikkje meir å segja i dette huset enn eg, og hev ikkje meinka meg nokon ting utan deg, etter di du er kona hans. Korleis kunde eg då gjera so stygg ei gjerning, og so synda mot Gud?»Select Genesis 39:9

10Som ho no tala til Josef dag etter dag, og han ikkje vilde lyda etter henne og liggja innmed henne eller vera i hop med henne,Select Genesis 39:10

11so hende det ein gong at han kom inn i huset og skulde gjera arbeidet sitt, og det var ingen av husens folk inne.Select Genesis 39:11

12Då greip ho honom i kjolen og sagde: «Kom og ligg med meg!» Men han rømde ut og let kjolen etter seg i henderne hennar.Select Genesis 39:12

13Då ho såg at han hadde rømt ut, og at kjolen hans var att i henderne hennar,Select Genesis 39:13

14so ropa ho på husfolket sitt, og sagde med deim: «Sjå, her hev han drege innpå oss ein hebraisk mann, som fer og vil gantast med oss. Han kom inn til meg og vilde liggja med meg. Då ropa eg so høgt eg kunde,Select Genesis 39:14

15og då han høyrde eg sette i og ropa, rømde han brått ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.»Select Genesis 39:15

16So let ho kjolen hans liggja hjå seg til husbonden hans kom heim.Select Genesis 39:16

17Då sagde ho det same med honom: «Den hebraiske tenaren,» sagde ho, «som du hev drege inn i huset åt oss, kom inn til meg og tok til å gantast med meg.Select Genesis 39:17

18Men då eg sette i og ropa, brårømde han ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.»Select Genesis 39:18

19Då no husbonden hans høyrde rødorne åt kona si, korleis ho lagde ut og sagde: «So og so for tenaren din åt mot meg,» so vart han brennande harm.Select Genesis 39:19

20Og husbonden hans Josef tok honom og sette honom i fangetårnet, der dei sat dei som kongen heldt fengsla, og han vart verande der i fangetårnet.Select Genesis 39:20

21Men Herren var med Josef, og vende alle hjarto til honom, og laga det so at styresmannen i fangetårnet fekk godvilje for honom.Select Genesis 39:21

22Og styresmannen i fangetårnet sette Josef til å sjå etter alle fangarne som var i tårnet, og alt som der skulde gjerast, det laut han gjera.Select Genesis 39:22

23Styresmannen i fangetårnet såg ikkje etter nokon verdeleg ting som Josef hadde under hender. For Herren var med honom; og kva han so gjorde, so lagde Herren lukka til.Select Genesis 39:23

Next: Genesis 40Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.