Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 40

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland.Select Genesis 40:1

2Og Farao vart harm på båe hirdmennerne sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,Select Genesis 40:2

3og sette deim faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet, der Josef sat fanga.Select Genesis 40:3

4Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til deim, og han gjekk deim til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset.Select Genesis 40:4

5Ein gong hadde dei kvar sin draum, båe tvo, skjenkaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumarne deira hadde kvar si meining.Select Genesis 40:5

6Og då Josef kom inn til deim um morgonen, såg han det på deim at dei var i ulag.Select Genesis 40:6

7Då tala han til hirdmennerne åt Farao, deim som sat fengsla med honom hjå husbonden hans, og spurde: «Kvi er de so sturne av dykk i dag?»Select Genesis 40:7

8«Me hev drøymt,» svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!»Select Genesis 40:8

9So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sagde med honom: «Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg,Select Genesis 40:9

10og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomarne spratt, kartarne mogna til druvor.Select Genesis 40:10

11Og staupet åt Farao heldt eg i handi, og druvorne tok eg og kreista utor deim upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.»Select Genesis 40:11

12Og Josef sagde med honom: «Dette er so å tyda: Dei tri greinerne, det er tri dagar.Select Genesis 40:12

13Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans.Select Genesis 40:13

14Men kom no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære væne, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset!Select Genesis 40:14

15For eg er stolen frå Hebræarlandet, og her hev eg ikkje heller gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.»Select Genesis 40:15

16Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sagde han med Josef: «Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet.Select Genesis 40:16

17Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglarne åt deim upp utor korgi på hovudet mitt.»Select Genesis 40:17

18Og Josef tok til ords og sagde: «Dette er so å tyda: Dei tri korgerne, det er tri dagar.Select Genesis 40:18

19Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglarne skal eta kjøtet av deg.»Select Genesis 40:19

20So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennerne sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren imillom mennerne sine.Select Genesis 40:20

21Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao,Select Genesis 40:21

22og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått deim.Select Genesis 40:22

23Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde honom.Select Genesis 40:23

Next: Genesis 41Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.