Genesis 41
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So hende det ei tvo års tid etter, at Farao drøymde han stod nedmed elvi.Select Genesis 41:1
2Og sjå, upp or elvi kom det sju kyr, væne å sjå til og holduge, og dei gjekk og beitte i storren.Select Genesis 41:2
3Og etter deim kom det sju andre kyr upp or elvi, stygge å sjå til og turrvorne, og dei stod på elvbakken, hjå dei fyrste kyrne.Select Genesis 41:3
4Og dei stygge og turrvorne kyrne åt upp dei sju væne og holduge kyrne. Då vakna Farao.Select Genesis 41:4
5So sovna han att, og hadde ein draum til. Han tykte han såg sju aks som skaut upp på eitt strå, og var tjukke og væne.Select Genesis 41:5
6Og etter deim rann det upp sju aks som var tome og svidne av austanvinden.Select Genesis 41:6
7Og dei tome aksi gløypte dei sju tjukke og fulle aksi. Då vakna Farao, og skyna at han hadde drøymt.Select Genesis 41:7
8Men um morgonen hadde han slik uro i seg. So sende han bod og kalla til seg alle runemeistrar i Egyptarland, og alle dei vise menner der var. Og Farao fortalde deim draumarne sine; men det var ingen som kunde tyda deim for honom.Select Genesis 41:8
9Då tala skjenkjarmeisteren til Farao og sagde: «Mine eigne synder lyt eg minna um i dag:Select Genesis 41:9
10Farao vart ein gong harm på tenarane sine, og sette meg fast hjå hovdingen yver livvakti, både meg og bakarmeisteren.Select Genesis 41:10
11Då hadde me kvar sin draum same natti, eg og han, og draumarne våre hadde kvar si meining.Select Genesis 41:11
12Og det var ein hebraisk gut med oss der; han var tenar hjå hovdingen yver livvakti. Honom fortalde me det, og han tydde draumarne for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt til, tydde han deim.Select Genesis 41:12
13Og so som han spådde oss, so gjekk det: eg vart sett inn att i romet mitt, og hin vart hengd.»Select Genesis 41:13
14So sende Farao bod etter Josef. Då skunda dei seg og slepte honom ut or fengslet; og han raka seg og bytte klæde, og so gjekk han fram for Farao.Select Genesis 41:14
15Og Farao sagde til Josef: «Eg hev havt ein draum, og det er ingen som er god til å tyda honom. Men eg hev høyrt sagt um deg, at berre du høyrer ein draum, so tyder du honom med same.»Select Genesis 41:15
16Og Josef svara Farao og sagde: «Eg råder ikkje for det. Gud vil visst gjeva eit svar som spår lukke for Farao.»Select Genesis 41:16
17So sagde Farao til Josef: «Eg drøymde eg stod på elvbakken.Select Genesis 41:17
18Og sjå, upp or elvi det sju kyr, feite på hold og væne på skapnad, og dei beitte i storren.Select Genesis 41:18
19Og etter deim kom det upp sju andre kyr, skrinne og ovleg stygge på skapnad og turre på hold; eg hev aldri set so ljote kyr i heile Egyptarlandet.Select Genesis 41:19
20Og dei skrinne og stygge kyrne åt upp dei sju fyrste, holduge kyrne.Select Genesis 41:20
21Dei sokk i skrovet deira; men det synte ikkje at dei hadde fenge deim i seg; dei var stygge å sjå til, som dei hadde vore. Då vakna eg.Select Genesis 41:21
22Sidan drøymde eg at eg såg sju aks som skaut upp på eitt strå, og var fulle og væne.Select Genesis 41:22
23Og etter deim rann det upp sju aks som var turre og tome og svidne av austanvinden.Select Genesis 41:23
24Og dei tome aksi gløypte dei sju gode aksi. Eg sagde det med runemeistrarne, men ingen kunde greida det for meg.»Select Genesis 41:24
25Då sagde Josef med Farao: «Alt det Farao hev drøymt, er ein draum. Det Gud vil gjera, hev han gjort kunnigt for Farao.Select Genesis 41:25
26Dei sju væne kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksi, det er og sju år; det er ein og same draumen.Select Genesis 41:26
27Og dei sju skrinne og stygge kyrne, som kom upp etterpå hine, det er sju år, og dei sju aksi som var tome og svidne av austanvinden; det er sju uår, som skal koma.Select Genesis 41:27
28Det er som eg sagde med Farao: Det Gud vil gjera, det hev han synt Farao.Select Genesis 41:28
29Sjå, no kjem det sju år med ovnøgd og rikdom i heile Egyptarlandet.Select Genesis 41:29
30Men etter deim skal det koma sju uår, so all ovnøgdi vert gløymd i Egyptarland, og uåri skal arma ut landet.Select Genesis 41:30
31Og ingen skal minnast ovnøgdi som var i landet, for den naudi som kjem etterpå; for den vert ovleg hard.Select Genesis 41:31
32Og det at draumen kom fyre Farao tvo vendor, det kjem seg av di at Gud er fastrådd på dette, og at han vil gjera det snart.Select Genesis 41:32
33No skulde Farao sjå seg ut ein vitug og vis mann, og setja honom yver Egyptarlandet.Select Genesis 41:33
34Det skulde Farao gjera, og so skulde han setja inn futar utyver landet, som skal krevja inn femte luten av grøda i Egyptarland i dei sju ovnøgdaråri.Select Genesis 41:34
35Og dei skal samla alle slag mat i desse gode åri som kjem, og dunga upp matkorn i byarne, og taka vare på det for Farao.Select Genesis 41:35
36Og maten skal vera til ei berging for landet i dei sju uåri som kjem i Egyptarland, so landet ikkje skal øydast av svolt.»Select Genesis 41:36
37Dei ordi tykte dei godt um, både Farao og alle mennerne hans.Select Genesis 41:37
38Og Farao sagde med mennerne sine: «Skal tru me finn maken til honom? - ein mann som er full av Guds ande!»Select Genesis 41:38
39So sagde Farao med Josef: «Etter di Gud hev late deg vita alt dette, so er ingen so vitug og vis som du.Select Genesis 41:39
40Du skal standa fyre huset mitt, og etter ditt ord skal heile folket mitt retta seg. Berre kongsstolen vil eg hava framum deg.Select Genesis 41:40
41Sjå, eg set deg yver heile Egyptarlandet,» sagde Farao med Josef.Select Genesis 41:41
42Og Farao tok seglringen av handi si og sette på handi hans Josef, og klædde honom i kvite linklæde, og hengde eit gullekkje kring halsen hans.Select Genesis 41:42
43Og han let honom køyra i den vogni som var næst etter hans eigi vogn, og dei ropa framfyre honom: «Abrek!» Og han sette honom yver heile Egyptarlandet.Select Genesis 41:43
44Og Farao sagde med Josef: «Eg er Farao! Ingen skal røyva hand eller fot i heile Egyptarlandet, utan at du vil det.»Select Genesis 41:44
45Og Farao kalla Josef Safnat-Paneah, og gav honom Asnat til kona; ho var dotter åt Potifera, presten i On. So tok Josef til å ferdast kring i Egyptarland.Select Genesis 41:45
46Josef var tretti år gamall, då han stod framfor Farao, kongen i Egyptarland. Og Josef bad vel liva med Farao, og for heile Egyptarlandet igjenom.Select Genesis 41:46
47Og jordi bar inn i haugevis i dei sju ovåri.Select Genesis 41:47
48Og han samla allslags grøda av sju årsavlingar, som dei fekk i Egyptarland, og lagde upp mat i byarne. I kvar by lagde han upp grøda av åkrarne som låg ikring.Select Genesis 41:48
49Og Josef hauga upp korn som havsens sand, uhorveleg mykje, til dei heldt upp å telja; for det var ikkje tal på.Select Genesis 41:49
50Fyrr det fyrste uåret kom, fekk Josef tvo søner med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On.Select Genesis 41:50
51Og Josef kalla den fyrste Manasse - «av di,» sagde han, «Gud let meg gløyma all mi møda og heile mi ætt.»Select Genesis 41:51
52Og den andre kalla han Efraim - «av di,» sagde han, «Gud let meg veksa i det landet som eg leid vondt i.»Select Genesis 41:52
53So leid dei til endes dei sju åri då det var slik ovnøgd i Egyptarlandet,Select Genesis 41:53
54og dei sju uåri tok til å koma, som Josef hadde sagt; då vart det naud og svolt i alle land, men i heile Egyptarlandet, der var brød.Select Genesis 41:54
55Og heile Egyptarland svalt, og folket ropa til Farao etter brød. Då sagde Farao med alle egyptarane: «Gakk til Josef! Det han segjer til dykk, skal de gjera!»Select Genesis 41:55
56Og naudi breidde seg yver heile jordi. Men Josef let upp alle kornbuderne og selde til egyptarane; for naudi var hard i Egyptarlandet.Select Genesis 41:56
57Og frå heile verdi kom dei til Egyptarland og vilde kjøpa korn hjå Josef; for naudi var stor all verdi yver.Select Genesis 41:57
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain