Genesis 49
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Jakob kalla kring seg sønerne sine og sagde: «Samla dykk saman, so skal eg varsla korleis det skal ganga dykk langt fram i tiderne:Select Genesis 49:1
2Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, kom og høyr på Israel, dykkar far!Select Genesis 49:2
3Ruben, min eldste er du, blom av mi magt og min manndom, høgst i vyrdnad og størst i velde.Select Genesis 49:3
4Sjodande vilt som vatnet, dkal du ingen fyremun få; for i kvila åt far din du for! Kor vanærlegt! Han låg i mi lega.Select Genesis 49:4
5Sambrøder er Simeon og Levi, valdsvåpen er deira verja.Select Genesis 49:5
6Søk ei deira samråd, mi sål, sky deira sellskap, mitt hjarta! For i harm slo dei menner i hel, og sjølvvilje skamskar dei uksar.Select Genesis 49:6
7Forbanna ein ofse so strid, ei illska som deira so arg! Eg skal sprengja deim sund kring i Jakob, eg skal spreida deim utyver Israel.Select Genesis 49:7
8Juda, deg lovar lydt dine brøder, handi di fatar din fiend i nakken, søkern’ åt far din fell deg til fota.Select Genesis 49:8
9Ein løveunge er Juda! Frå herjing kjem sonen min heim: Som ei løvemor legg han seg ned, kven vågar av kvildi han vekkja?Select Genesis 49:9
10Ikkje skal kongespir kverva frå Juda ell’ styrarstaven ifrå han stol, fyrr Fredsdrotten kjem, han som folki mun fylgja.Select Genesis 49:10
11I vingarden bind han sin gangar, sin fole i soldruvegrein; i vin sin klædnad han vaskar, i druveblod tvær han sin kjol’,Select Genesis 49:11
12med augo døkke av vin, med tenner kvite av mjølk.Select Genesis 49:12
13Sebulon utmed sjøstrandi bur, utmed strandi, der skutorne lender. Og Sidon hev han med sida.Select Genesis 49:13
14Issakar, det sterkbygde asnet, på kvii ligg han og kviler.Select Genesis 49:14
15Og han tykte kvildi var god, og at landet var fagert og fint, so bøygde han rygg under byrdi, og vart slik ein trugen træl.Select Genesis 49:15
16Dan, han skal døma sitt folk som dei andre Israels ætter.Select Genesis 49:16
17Dan verte ein hoggorm på vegen, ein eiterorm innmed stigen, som hesten i hælarne høgg, so ridaren ryk på rygg.Select Genesis 49:17
18På hjelpi di biar eg, Herre!Select Genesis 49:18
19På Gad mun ransmenner renna, men han renner etter deim radt.Select Genesis 49:19
20Feit er føda hans Asser, forkunnmat sender han kongar.Select Genesis 49:20
21Naftali er ei spelande hind, og ordi hans leikar so linne.Select Genesis 49:21
22Josef er eit aldetre ungt, eit aldetre ungt innmed kjelda; yver muren skyt greinerne upp.Select Genesis 49:22
23Med pileskot dei han eggjar og søkjer, dei skyttararn’ mange;Select Genesis 49:23
24Men han stend med sin boge so stødt, og røyver armarne raust: Hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, der! - hjå hyrdingen, Israels berg,Select Genesis 49:24
25Hjå Gud åt far din, han vare deg! Hjå den Velduge, han velsigne deg med velsigning or himmelen høge, med velsigning or djupet som ligg under jordi, med velsigning i brjost og i liv!Select Genesis 49:25
26Far din’s velsigning rakk yver dei eld’-gamle ovgilde fjelli, til ævordoms herlege høgder: På Josefs hovud ho kome, ho kome på kruna åt han, som er hovdingen for sine brøder!Select Genesis 49:26
27Benjamin er ein ulv som riv sund; um morgonen et han upp ranet, til kvelds han skifter ut herfang.»Select Genesis 49:27
28Dette var alle Israels-ætterne, tolv i talet, og soleis var det far deira tala til deim: Han velsigna deim, og kvar av deim fekk si eigi velsigning, som høvde åt honom.Select Genesis 49:28
29Og han bad deim og sagde til deim: «No gjeng eg til folket mitt! Jorda meg då hjå federne mine, i den helleren som er på gjordet åt Efron, hetiten,Select Genesis 49:29
30i den helleren som er på Makpelagjordet, austanfor Mamre i Kana’ans-landet, det gjordet som Abraham kjøpte av Efron, hetiten, til eigande gravstad.Select Genesis 49:30
31Der jorda dei Abraham og Sara, kona hans, og der jorda dei Isak og Rebekka, kona hans, og der jorda eg Lea,Select Genesis 49:31
32på det gjordet og i den helleren der, som var kjøpt av Hets-sønerne.»Select Genesis 49:32
33Då Jakob var ferdig med dei fyresegnerne han hadde å gjeva sønerne sine, drog han føterne upp i sengi. Og han sålast og kom til federne sine.Select Genesis 49:33
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation