Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 50

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og Josef lutte seg ned yver andlitet åt far sin, og gret uppyver honom og kysste honom.Select Genesis 50:1

2Og Josef bad lækjarane som han hadde i si tenesta, at dei skulde salva liket åt far hans. So salva dei liket åt Israel.Select Genesis 50:2

3Og det gjekk fyrti dagar med til det; for so lang tid tek det å salva eit lik. Og egyptarane gret yver honom i sytti dagar.Select Genesis 50:3

4Då syrgjedagarne etter honom var utlidne, tala Josef til hirdi åt Farao og sagde: «Hev de aldri so lite godvilje for meg, so gjer vel og ber fram desse ordi mine til Farao og seg:Select Genesis 50:4

5«Far min tok ein eid av meg og sagde: «No lyt eg døy! I grefti mi, som eg let grava åt meg i Kana’ans-landet, der skal du jorda meg!» Lat meg difor fara upp og jorda far min og so koma hit att!»»Select Genesis 50:5

6Og Farao sagde: «Far du upp, og jorda far din, som du hev lova honom!»Select Genesis 50:6

7So for Josef upp og skulde jorda far sin, og med honom for alle mennerne åt Farao, dei høgste i hirdi hans og alle dei øvste i Egyptarlandet,Select Genesis 50:7

8og heile huset hans Josef, og brørne hans og husfolket åt far hans. Berre småborni sine og sauerne og nauti sine let dei vera att i Gosenlandet.Select Genesis 50:8

9Og det fylgde honom både vogner og hestfolk, so det vart ei drusteleg ferd.Select Genesis 50:9

10Då dei kom til Goren-Ha’atad, som er på hi sida åt Jordan, heldt dei ei stor og ovende vyrdeleg syrgjehøgtid, og han gjorde likferd etter far sin i sju dagar.Select Genesis 50:10

11Og då kananitarne, som budde der i landet, såg likferdi i Goren-Ha’atad, sagde dei: «Det er ei drusteleg likferd egyptarane held der!» Difor kallar dei den staden Egyptarvollen. Han er på hi sida åt Jordan.Select Genesis 50:11

12So gjorde sønerne hans so med honom som han hadde sagt deim fyre.Select Genesis 50:12

13Og dei førde honom til Kana’ans-landet, og jorda honom i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne til eigande gravstad, austanfor Mamre.Select Genesis 50:13

14Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptarland, både han og brørne hans og alle dei som hadde vore med honom upp og jorda far hans.Select Genesis 50:14

15Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sagde dei: «Berre ikkje Josef kjem til å sitja etter oss gjera oss like for alt det vonde me gjorde mot honom!»Select Genesis 50:15

16So sende dei bod til Josef og sagde: «Far din bad oss, fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg:Select Genesis 50:16

17«So skal de segja med Josef,» sagde han: «Å kjære, gode deg, gløym det brotet og den syndi brørne dine gjorde, då dei for so stygt med deg!» So gløym no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din!» Og Josef gret, då dei tala so til honom.Select Genesis 50:17

18So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for honom og sagde: «Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine!»Select Genesis 50:18

19Då sagde Josef: «Ver ikkje rædde! Er då eg i staden åt Guds?Select Genesis 50:19

20De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.Select Genesis 50:20

21So ver no ikkje rædde! Eg skal syta for dykk og for borni dykkar.» Og han hugga deim og tala blidt til deim.Select Genesis 50:21

22Josef vart buande i Egyptarland, både han og farsfolket hans. Og Josef livde hundrad og ti år.Select Genesis 50:22

23Og Josef fekk sjå barneborn åt Efraim, og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget.Select Genesis 50:23

24Og Josef sagde med brørne sine: «No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp or dette landet til det landet som han hev lova Abraham og Isak og Jakob.»Select Genesis 50:24

25Og Josef tok ein eid av Israels-sønerne, og sagde: «Når Gud kjem og hentar dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.»Select Genesis 50:25

26Og Josef døydde, då han var hundrad og ti år gamall, og dei salva liket hans, og lagde det i kista i Egyptarland.Select Genesis 50:26

Next: Exodus 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.