Skip to content
Church.wiki
Genesis

Genesis 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og det hende, då manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter,Select Genesis 6:1

2då såg gudssønerne at mannedøtterne var væne, og tok til konor deim som dei kåra seg.Select Genesis 6:2

3Då sagde Herren: «Ikkje skal min ande bu æveleg i mannen, for di um dei hev forset seg. Han er kjøt, og dagarne hans skal vera hundrad og tjuge år.»Select Genesis 6:3

4I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di gudssønerne jamleg gav seg i lag med mannedøtterne, og fekk søner med deim; det var kjemporne, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.Select Genesis 6:4

5Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.Select Genesis 6:5

6Då angra Herren at han hadde skapt mannen på jordi, og han var full av sorg i hjarta.Select Genesis 6:6

7Og Herren sagde: «Eg vil tyna menneskja som eg hev skapt, og rydja henne ut av jordi, både menneskje og dyr og krek og fuglarne i lufti; for eg angrar at eg hev skapt deim.»Select Genesis 6:7

8Men Noah fann nåde hjå Herren.Select Genesis 6:8

9Dette er soga um Noah og ætti hans: Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg.Select Genesis 6:9

10Og Noah fekk tri søner, Sem og Kham og Jafet.Select Genesis 6:10

11Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett.Select Genesis 6:11

12Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi.Select Genesis 6:12

13Då sagde Gud til Noah: «Eg hev sett meg fyre at eg vil gjera ende på alt kjøt. For dei hev fyllt upp jordi med urett. Og no vil eg øydeleggja både deim og jordi.Select Genesis 6:13

14Gjer deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki, og bræda henne med bik både innan og utan.Select Genesis 6:14

15Soleis skal du gjera henne: Tri hundrad alner lang skal arki vera, og femti alner breid, og tretti alner høg.Select Genesis 6:15

16Øvst på arki skal du gjera ein glugg, som når ei aln ned på veggen. Og døri skal du setja på den eine sida. Du skal gjera arki trihøg, med mange rom i kvar høgd.Select Genesis 6:16

17Og eg vil lata storflodi koma med vatn yver jordi, og tyna alt kjøt under himmelen som det er livsande i. Alt som er på jordi, skal døy.Select Genesis 6:17

18Men med deg vil eg gjera ei pakt, og du skal ganga inn i arki, du og sønerne dine og kona di og konorne åt sønerne dine med deg.Select Genesis 6:18

19Og av alt som liver, alt kjøt, skal du taka tvo av kvart slag med inn i arki, so du held deim i live med deg. Han og ho skal dei vera.Select Genesis 6:19

20Av alle slag fuglar og av alle slag dyr og av alt kreket på marki skal par og par koma inn til deg, so dei kann halda liv i seg.Select Genesis 6:20

21Og du skal sanka av all den mat som etande er, og samla det til deg: for deg og for deim skal det vera til føda.»Select Genesis 6:21

22Og Noah gjorde so; han gjorde i alle måtar so som Gud sagde honom fyre.Select Genesis 6:22

Next: Genesis 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Genesis

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.