Habakkuk 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ei bøn av profeten Habakuk. Etter Sjigjonot.Select Habakkuk 3:1
2Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk - kveik det upp att i desse åri! Kunngjer det i desse åri! Midt i harm kom miskunn i hug!Select Habakkuk 3:2
3Gud kjem frå Teman, og den Heilage frå Paranfjellet. Sela. Hans herlegdom tekkjer himmelen, og jordi er full av hans pris.Select Habakkuk 3:3
4Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng frå hans sida; der løyner seg hans magt.Select Habakkuk 3:4
5Fyre honom gjeng sott, og sykja fylgjer hans fotfar.Select Habakkuk 3:5
6Han stoggar, og jordi ristar, han ser, og folki skjelv; dei gamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugarne sig i hop. Han fer på vegar frå fordom.Select Habakkuk 3:6
7Kusans tjeldbuder ser eg i vande, tjeldi i Midjanslandet skjelv.Select Habakkuk 3:7
8Logar din harm mot elvar, Herre? Din vreide mot elvarne? Harmast du på havet, sidan du ferast med hestarne dine, med sigervognerne dine?Select Habakkuk 3:8
9Berr, ja berr er bogen din. Svorne er refsingsris i ordet. Sela. Til elvar kløyver du jordi.Select Habakkuk 3:9
10Fjelli ser deg og skjelv, støyteregn sturtar ned, djupet dyn og styn, det lyfter henderne mot høgheim.Select Habakkuk 3:10
11Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot.Select Habakkuk 3:11
12I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trøder du folk under fot.Select Habakkuk 3:12
13Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for honom som du salva. Du krasar hovudet på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela.Select Habakkuk 3:13
14Med hans eigne spjot sting du gjenom hovudet på hovdingarne hans som stormar fram, vil spreida meg, som gleder seg som det galdt i løynd å eta ein arming upp.Select Habakkuk 3:14
15Du fer yver havet med hestarne dine, det velduge brusande vatnet.Select Habakkuk 3:15
16Eg hev høyrt det, og hjarta skalv. Ved ljoden bivrar lipporne mine, beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend. For eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som trengjer folket.Select Habakkuk 3:16
17For fiketreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast. Og markene ber ikkje mat; sauerne kverv or kvii, og det finst ikkje fe i fjøset.Select Habakkuk 3:17
18Men eg vil frygda meg i Herren, vil gleda meg i Gud som frelser meg.Select Habakkuk 3:18
19Herren, Herren er min styrke, han gjev meg føter som ei hind og let meg skrida yver mine haugar. Til songmeisteren, med min strengleik.Select Habakkuk 3:19
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain