Hebrews 10
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1For sidan lovi berre hev ein skugge av dei tilkomande gode ting, men ikkje sjølve bilætet av tingi, so kann ho aldri ved dei same årlege offer som dei stødt ber fram, gjera deim fullkomne som kjem fram med deim.Select Hebrews 10:1
2Elles hadde dei vel halde upp med å bera deim fram, då dei ofrande ikkje lenger vilde havt synder på samvitet når dei ein gong var reinsa.Select Hebrews 10:2
3Men ved deim kjem årlegårs minning um synder.Select Hebrews 10:3
4For det er umogelegt at blod av uksar og bukkar kann taka burt synder.Select Hebrews 10:4
5Difor segjer han, då han stig inn i verdi: «Offer og gåva vilde du ikkje hava, men ein likam laga du åt meg;Select Hebrews 10:5
6brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.Select Hebrews 10:6
7Då sagde eg: «Sjå, eg kjem - i bokrullen er det skrive um meg - og vil gjera, Gud, din vilje.»»Select Hebrews 10:7
8Fyrst segjer han: «Offer og gåva og brennoffer og syndoffer vilde du ikkje hava, og du hadde ikkje hug på deim» - endå dei vert framborne etter lovi -;Select Hebrews 10:8
9so segjer han: «Sjå, eg kjem og vil gjera din vilje.» Han tek burt det fyrste, for at han kann setja inn det andre.Select Hebrews 10:9
10Med denne vilje er me helga ved ofringi av Jesu Kristi likam ein gong for alle.Select Hebrews 10:10
11Og kvar prest stend der og gjer dagstødt tenesta og ber fram mange gonger dei same offer, som aldri kann taka burt synder;Select Hebrews 10:11
12men han hev bore fram eit einaste offer for synder og hev so for alltid sett seg ved Guds høgre handSelect Hebrews 10:12
13og ventar sidan berre på at hans fiendar skal verta lagde til skammel for føterne hans.Select Hebrews 10:13
14For med eit einaste offer hev han for alltid gjort deim fullkomne som vert helga.Select Hebrews 10:14
15Men det vitnar og den Heilage Ande for oss; for etter han hev sagt:Select Hebrews 10:15
16«Dette er den pakti som eg vil gjera med deim etter dei dagarne,» so segjer Herren: «Eg vil gjeva loverne mine i hjarto deira, og skriva deim inn i hugen deira,Select Hebrews 10:16
17og synderne deira og misgjerderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»Select Hebrews 10:17
18Men der det er forlating for deim, der trengst det ikkje lenger noko offer for synd.Select Hebrews 10:18
19So hev me då, brør, i Jesu blod frimod til å ganga inn i heilagdomen,Select Hebrews 10:19
20som han hev vigt oss ein ny og livande veg til, gjenom forhenget, det er hans kjøt,Select Hebrews 10:20
21og me hev ein stor prest yver Guds hus.Select Hebrews 10:21
22Difor, lat oss stiga fram med eit sannferdelegt hjarta, med full vissa i trui, reinsa i hjarto frå eit vondt samvit og tvegne på likamen med reint vatn!Select Hebrews 10:22
23Lat oss halda uruggeleg fast på å vedkjennast voni, for han er trufast som gav lovnaden,Select Hebrews 10:23
24og lat oss agta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningarSelect Hebrews 10:24
25og ikkje skil oss frå vår eigi samling som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.Select Hebrews 10:25
26For syndar me med vilje når me hev lært å kjenna sanningi, då er det ikkje att meir noko offer for synder,Select Hebrews 10:26
27men berre ei fælande gruv for dom og ein logande brennhug som skal eta upp dei motstridige.Select Hebrews 10:27
28Når nokon hev brote Mose lov, so døyr han utan miskunn etter ord av tvo eller tri vitne;Select Hebrews 10:28
29kor mykje verre refsing trur de då den skal verta kjend verd, som hev trødt Guds Son under føter og vanvyrdt paktblodet som han vart helga med, og svivyrdt nådens Ande!Select Hebrews 10:29
30For me kjenner honom som hev sagt: «Hemnen høyrer meg til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.» Og atter: «Herren skal døma sitt folk.»Select Hebrews 10:30
31Det er gruelegt å falla i henderne på den livande Gud.Select Hebrews 10:31
32Men kom i hug dei framfarne dagar, då de, etter de var upplyste, tolde mykjen strid i lidingar,Select Hebrews 10:32
33med di de snart sjølve ved hædingar og trengslor vart til ei bisn, snart var samlidande med deim som var so farne!Select Hebrews 10:33
34For de hadde og samhug med fangarne, og de bar det med gleda at dykkar gods vart rana, då de visste at de sjølve hadde ein betre og varande eigedom.Select Hebrews 10:34
35Kasta difor ikkje burt dykkar frimod, som hev stor løn!Select Hebrews 10:35
36For de treng til tolmod, so de kann nå lovnaden når de hev gjort Guds vilje.Select Hebrews 10:36
37For endå er det berre so stutt ei stund, so kjem han som koma skal, og han skal ikkje drygja.Select Hebrews 10:37
38«Men den rettferdige, ved tru skal han liva;» og: «Um nokon dreg seg undan, so hev mi sjæl ikkje hugnad i honom.»Select Hebrews 10:38
39Men me er ikkje av deim som dreg seg undan til fortaping, men av deim som trur til frelsa for sjæli.Select Hebrews 10:39
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation