Hebrews 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Difor, heilage brør, som er luthavande i eit himmelsk kall! sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,Select Hebrews 3:1
2han som var tru mot den som gjorde honom dertil, liksom og Moses var i heile hans hus!Select Hebrews 3:2
3For denne er halden so mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.Select Hebrews 3:3
4Kvart hus er det einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud.Select Hebrews 3:4
5Og Moses var vel tru i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde verta tala,Select Hebrews 3:5
6men Kristus stend som son yver huset hans; og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.Select Hebrews 3:6
7Difor, som den Heilage Ande segjer: «I dag, um de høyrer hans røyst,Select Hebrews 3:7
8so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden på freistingsdagen i øydemarki,Select Hebrews 3:8
9der federne dykkar freista meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år.Select Hebrews 3:9
10Difor harmast eg på denne ætti og sagde: «Dei fer alltid vilt i hjarta;» men dei kjende ikkje mine vegar,Select Hebrews 3:10
11so eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila!»»Select Hebrews 3:11
12Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk skal vera eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den livande Gud!Select Hebrews 3:12
13Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: «i dag», so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!Select Hebrews 3:13
14For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste fulle vissa fast til enden.Select Hebrews 3:14
15Når det vert sagt: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden,»Select Hebrews 3:15
16kven var då dei som høyrde og arga honom? Var det ikkje alle dei som gjekk ut or Egyptarland ved Moses?Select Hebrews 3:16
17Men kven var det han harmast på i fyrti år? var det ikkje på deim som hadde synda, so deira kroppar fall i øydemarki?Select Hebrews 3:17
18Og kven var det han svor um, at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um deim som var vantruande?Select Hebrews 3:18
19So ser me då at dei ikkje kunde koma inn for vantru skuld.Select Hebrews 3:19
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation